Ei permanent krise
Flyktningkrisa som skaka Europa i 2015, er ikkje over. Men EU har klart å setje bort krisehandteringa.
I Moria-leiren på Lesbos lever over 20.000 menneske i elendige forhold, og sinnet og uroa veks. Biletet viser gresk opprørspoliti som vaktar Moria 17. januar, da det braut ut opptøyar etter at ein mann frå Jemen vart knivstukken av ein afghanar.
Foto: Aggelos Barai / AP / NTB scanpix
Dei dystre rapportane kjem tett frå den greske øya Lesbos. I Moria-leiren, bygd for å hyse 3000 menneske, er det no over 20.000 flyktningar og migrantar i ein fortvilt situasjon, dei fleste frå krigsherja land som Afghanistan og Syria. Legar og andre hjelpearbeidarar skildrar Moria som eit helvete. Hellas har lenge bede andre europeiske land om avlasting, men responsen er liten. Flyktningar står lågt i kurs no, og dei uverdige forholda i Moria-leiren tener òg eit føremål: Dei viser verda at det slett ikkje er lett å få opphald i EU. Di verre Moria framstår, di mindre attraktivt er det å leggje ut på reisa til Europa.
Men når media i Noreg og andre europeiske land fortel så mykje om dei triste lagnadene på Lesbos, er det fordi desse menneska faktisk er i Europa. Dei fleste flyktningar som vil til verdsdelen, blir stogga før dei kjem så langt. Sidan krisa i 2015, da 1,3 millionar menneske søkte om opphald i Europa, har EU bygd opp eit framskote grensevern i andre land. Flyktningkrisa er ikkje mindre enn ho var i 2015, men problema er flytta austover og sørover.
Tyrkisk dørvakt
Det viktigaste grepet EU gjorde, var avtalen som vart inngått med Tyrkia i mars 2016. Tyrkia vart lova opptil 60 milliardar kroner frå EU for å hindre dei syriske flyktningane i å dra til Hellas. Og grovt sett har avtalen tent føremålet sitt, sett frå EU sin synsvinkel. I dag er det 3,3 millionar registrerte syriske flyktningar i Tyrkia, og dei siste åra har få av dei lukkast med å ta seg over til Hellas.
At rolla som dørvakt har gjeve president Erdogan stor makt over EU, ei makt han veit å bruke, ser dei europeiske leiarane ut til å leve greitt med. Og det kom ikkje store protestar frå EU-landa da Amnesty International i fjor dokumenterte at syriske flyktningar – kor mange er uvisst – vart tvangssende frå Tyrkia til Syria, sjølv om dette var eit brot både på flyktningkonvensjonen og på avtalen med EU.
Mareritt i Libya
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.