Ei ny stor forvaltingsreform
EFTAs overvakingsorgan ESA har kravd endringar i måten norske kommunar og fylke driv næringsverksemd på.
–?Det inneber ei gjennomgripande og kostbar forvaltingsreform, seier jurist Herdis Helle.
I sommar vedtok Stortinget det som er omtalt som prestisjeprosjektet til regjeringa: 19 fylke skal reduserast til 11, og 426 kommunar skal reduserast til 354 i den største kommunereforma på 50 år.
Men norske kommunar og fylke kan stå overfor større endringar enn som så framover. EFTAs overvakingsorgan ESA har nemleg opna sak mot Noreg og kravd endringar i skattefritaket og konkursimmuniteten som staten, fylkeskommunar, kommunar og helseføretak i dag har etter norsk skatte–?og konkurslovgjeving.
Endringane ESA føreslår, kan innebere ei gjennomgripande og kostbar forvaltingsreform og vert av enkelte juristar omtala som «den eigentlege kommunereforma». Det seier Herdis Helle, som har skrive doktorgrad om konkurransereglane i EU- og EØS-retten ved Universitetet i Bergen.
–?Det ESA føreslår, er ein heilt annan måte å organisere det offentlege og velferds–?og tenestetilbodet på enn i dag, og det kjem til å ha enorme følgjer, seier ho.
Regjeringa sette i fjor ned ei arbeidsgruppe som skulle vurdere dei rettslege og samfunnsøkonomiske sidene av innvendingane frå ESA, og kome med framlegg til løysingar og eventuelle lovvedtak. Arbeidsgruppa held neste veke eit av sine siste møte og skal levere innstillinga ved årsskiftet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.