Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Den nyfødde kalven.
Den nyfødde kalven.
Publisert

Vårsøg er no ei fin og røynd ku som takla kalvinga eksemplarisk. Sundagskvelden gjekk ho ikkje inn i fjøset med dei andre kyrne, men vart att ute på beitet på Selheim på Voss. Halen stod i vêret, og det vart tydeleg kva som var på gang, sjølv om terminen hennar var 17. mai.

Og ganske så rett, måndag morgon fann Hilde kua øvst på beitet med den nyfødde kalven liggjande ved sida av. Ein fin brun kukalv, med ei kvit stripe over ryggen og ei stor kvit panne.

Dette er den fjerde kalven til Vårsøg. No har ho fått to kukalvar og to oksekalvar. Faren er seminoksen Stasgut frå Heidal i Sel kommune og garden til Jan Erik Kjær Rusten. Stasgut, som no er slakta, var fødd i 2018 og var grå og kolla. Sæden kosta 577 kroner og kom frå avlssenteret til Geno på Store Ree ved Mjøsa.

Vårsøg, fødd 5. juni 2018, same år som Symra, har vore på stølen i mange år. Ho er ikkje ei Dag og Tid-ku, for det er Selheims-folket som eig den vesle og ideelle fjordfekua. Men ho er vorten ei fast leigeku, eller hyreku, og høyrer heime på Dag og Tid-stølen kvar sommar.

Vårsøg er lett å handtera, slepper mjølka raskt og står roleg under mjølkinga. Under kåringa i 2020 fekk ho fyrstepremie. «Ho har eit funksjonelt, godt og breitt jur og ein harmonisk og fin kropp», var domen frå eksperten og fjordfenestoren Nils Drabløs.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement