Ei mellombels løysing

Den nye grenseavtalen med Serbia løyser den spente situasjonen i Kosovo for no, men er ingen garanti mot ny uro, meiner Sylo Taraku.

Kosovo-serbarar blokkerte vegane til to grenseovergangar nord i Kosovo i slutten av juli i protest mot nye reglar frå regjeringa i Kosovo.
Kosovo-serbarar blokkerte vegane til to grenseovergangar nord i Kosovo i slutten av juli i protest mot nye reglar frå regjeringa i Kosovo.

Tidlegare i sommar varsla regjeringa i Kosovo at ho ville krevje eigne mellombelse reisedokument for personar med ID-kort frå Serbia som kom til Kosovo, og at bilar i Kosovo med serbiske skilt skulle byte dei ut med Kosovo-skilt.

Vedtaket var eit svar på at Serbia sidan 2011 har nekta å godta ID-papir og bilskilt frå Kosovo. Frå serbisk side vart det derimot framstilt som eit åtak på den serbiske minoriteten i Kosovo.

Etter vegblokadar, skotvekslingar mot politiet og stengde grenseovergangar nord i Kosovo i slutten av juli, fleire resultatlause forhandlingsrundar og krasse ordvekslingar mellom Kosovo og Serbia i ettertid, og truslar frå Nato om å gripe inn, vart Kosovo og Serbia i helga samde om ein ny avtale om grensepasseringar, forhandla i regi av EU.

Avtalen inneber at Serbia, som framleis ikkje anerkjenner Kosovo som sjølvstendig stat, no aksepterer identitetskort frå Kosovo, mot at Kosovo ikkje innfører ekstra dokumentasjonskrav for personar med serbiske ID-kort.

Dag og Tid har snakka med forfattaren og statsvitaren Sylo Taraku, som jobbar i tankesmia Agenda, og som sjølv er frå Kosovo.

– Kor viktig er avtalen Serbia og Kosovo no er samde om?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement