Helse

Ei kostbar koronaforsikring

No må folk flest betale over tusen kroner for covid-vaksine. Er det bra for folkehelsa?

I 2021 vart det rekna som ei samfunnsplikt å vaksinere seg mot covid-19. Biletet viser elevar i 2. klasse ved Holtet videregående skole som ventar på første dose med Pfizer-vaksine.
Publisert Sist oppdatert

Da vaksinane mot covid-19 kom i desember 2020, trekte truleg dei fleste eit letta sukk. Risikoen for å bli alvorleg sjuk av infeksjonen vart sterkt redusert, og verda vart gradvis normal att. I løpet av 2021 fekk dei fleste nordmenn over tolv år to eller tre dosar med vaksine.

Etter den breie grunnvaksinasjonen har tilbodet mest vore retta mot dei eldre og dei som er sårbare på grunn av underliggande sjukdom. Men fram til i haust kunne dei fleste nordmenn likevel skaffe seg påfyll av subsidiert vaksine i kommunane, normalt for ein kostnad på kring 300 kroner. No skal ikkje billege vaksinar lenger vere tilgjengelege for folk utanfor risikogruppene. Dei må betale marknadspris. Heretter kjem vaksinane til å koste over 1000 kroner, pluss kostnaden med å setje sprøytene, melde Folkehelseinstituttet (FHI) i september. Dei over 65 og folk med underliggande sjukdom betaler berre 110 kroner. Dette er avgjort av Helse- og omsorgsdepartementet, på bakgrunn av faglege råd frå FHI.

Komplisert

Vi sparer på vaksinebudsjettet, men rekninga kjem i form av sjukefråvær og helseutgifter.

Jörn Klein, professor i smittevern

Denne grensedraginga kan verke rimeleg: Pandemien – i tydinga «global helsekrise» – vart erklært over av Verdshelseorganisasjonen alt i 2023. Viruset sirkulerer framleis, men berre eit lite mindretal blir alvorleg sjuke. Dei fleste har ein viss immunitet etter tidlegare smitte, og koronaviruset er mildare enn det var. I fjor var det 510 såkalla covid-assosierte dødsfall i Noreg, dei aller fleste blant folk over 70 år, ifølge Dødsårsaksregisteret. Til samanlikning var det 2858 covid-dødsfall i Noreg i 2022.

Ifølge FHI er føremålet med koronavaksinasjonsprogrammet «å hindre alvorlig sykdom og død». I lys av dette verkar det fornuftig at berre dei mest sårbare skal få subsidiert vaksine. Men kva om vi ser på det større biletet?

– Uklokt

– Å setje prisen så høgt er lite klokt, seier Jörn Klein, professor i mikrobiologi, epidemiologi og smittevern ved Universitetet i Søraust-Noreg.

– Konsekvensen blir at fleire blir sjuke, fleire hamnar på sjukehus, og fleire får langvarige plager. Vi sparer på vaksinebudsjettet, men rekninga kjem i form av sjukefråvær og helseutgifter, seier Klein.

– Eldre og dei med underliggande sjukdomar vil framleis vaksinere seg, men mange mellom 20 og 60 år vil ikkje gjere det. Og det er den gruppa som står i jobb, og det er der sjukefråværet kan bli høgt.

Lang hale

Vi kjem attende til Klein, men først litt bakgrunn: Alvorleg akutt sjukdom er ikkje det einaste problemet med covid-19. Mange millionar menneske rundt i verda har fått seinfølger etter koronainfeksjon. Somme er så hardt råka at dei forsvinn frå arbeidslivet i årevis, kanskje for godt. Såkalla lang-covid kan ta mange former: utmatting, svekt minne, «hjernetåke», luftvegsplager, hjarte- og karsjukdom, tap av smakssans og så vidare.

Kor stor er så risikoen for såkalla lang-covid? Det veit ingen. Symptombiletet er mangfaldig, dette er vanskeleg å studere, og ulike studiar gjev ulike svar. I dag er det dessutan få som testar seg, så mange kan ha covid utan å vite det. Men det finst anslag: Ifølge Verdshelseorganisasjonen (WHO) får kring 6 prosent langtidsplager etter ein covid-19-infeksjon. Det amerikanske folkehelseinstituttet CDC anslo i 2023 at 6,4 prosent av amerikanarane hadde lang-covid. Britiske helsestyresmakter anslo same år at 3 prosent av britane hadde langtidsplager etter koronainfeksjon. Eit av dei lågaste anslaga kom i ein studie frå FHI i sommar. Den var basert på helseregisterdata frå 2020 til 2022, og tydde på at nær 2 prosent av dei covid-smitta fekk seinfølger som førte til bruk av helsetenester. Nærare 2 prosent var òg sjukmelde eit halvt år etter infeksjonen.

Sjukefråvær

Desse prosenttala verkar ikkje overveldande. For dei fleste er koronainfeksjon harmlaust. Men sidan ein stor del av befolkninga truleg blir covid-smitta kvart år, kan summen av folk med langtidsplager likevel bli stor. 2 prosent av befolkninga i Noreg er til dømes 112.000 menneske.

Ivar Lima, forskar i analyseseksjonen til Nav, har i fleire artiklar og kronikkar peika på at langtidsverknader etter covid-19 truleg er ei viktig årsak til den sterke auken i sjukefråvær i Noreg sidan 2020.

– Eg vil seie at det er ein svært sannsynleg samanheng, seier Lima.

– Det er vanskeleg å seie kor mykje av fråværet som har med lang-covid å gjere. Men sjukefråværet i Noreg var stabilt fram til 2020. Sidan da har vi sett ein betydeleg auke. Og vi veit frå internasjonal forsking at det er ein årsakssamanheng mellom covid-19 og langvarige helseplager. Fleire studiar viser ein auke i langtidssjukefråvær blant dei som har vore smitta av covid-19, også etter mild sjukdom.

Lima peikar på at det slett ikkje er alle typar sjukefråvær som har auka sidan 2020.

– Det er særleg tre typar diagnosar som ligg bak auken. Det eine er utmatting og såkalla «tretthet og slapphet». Så er det visse psykiske lidingar som mellom anna inkluderer utbrentheit og «slitenhetssyndrom». Og det er mykje høgare sjukefråvær enn før på grunn av smittsame luftvegsinfeksjonar, ikkje berre covid-19.

Ivar Lima meiner rolla til koronapandemien har kome for lite fram i debatten om sjukefråværet.

– Om det stemmer at dette ligg bak ein stor del av auken i sjukefråvær, snakkar vi om ein svært stor kostnad for samfunnet.

Påfyll

Og da er vi attende til spørsmålet om vaksinasjon. Vaksinane mot covid-19 vernar nemleg ikkje berre mot alvorleg akutt sjukdom. Ei rekke studiar, både internasjonale og norske, tyder på at vaksine også reduserer risikoen for lang-covid monaleg. «Covid-19-vaksine er den beste tilgjengelege reiskapen for å førebygge lang-covid», slår amerikanske CDC fast.

Det er ikkje berre grunnvaksineringa som utgjer ein skilnad her. Vinsten av påfyll med vaksine – ein såkalla boosterdose – kan vere stor, synte ein studie frå forskarar ved FHI, publisert i tidsskriftet Vaccine i februar. Risikoen for seinfølger etter koronainfeksjon vart halvert for dei som nyleg hadde teke ein tredje vaksinedose, samanlikna med dei som berre hadde fått to. Den største skilnaden var i risikoen for svekt minne, hjernetåke og utmatting, og det var òg betydeleg effekt på faren for luftvegsplager.

Svekt effekt

Kva er så vaksinestatus i den norske befolkninga i dag? 52 prosent av alle nordmenn har fått tre eller fleire dosar med koronavaksine, medan 17 prosent har fått to dosar, syner tal frå vaksinasjonsregisteret SYSVAK. 26 prosent av folket – nesten 1,5 millionar personar – har ikkje fått vaksine i det heile. Ein stor del av desse er barn og unge som var under tolv år da vaksinane vart rulla ut, og som ikkje vart tilrådde vaksinasjon.

Men også for dei fleste som vaksinerte seg i 2021 og 2022, er truleg effekten avgrensa i dag. Ei rekke studiar syner at verknaden av covid-vaksine som vern mot akutt sjukdom taper seg over tid, og det finst òg studiar – rett nok langt færre – som tyder på svekt effekt når det gjeld risikoen for seinfølger.

Tala frå SYSVAK syner at berre dei færraste nordmenn fekk påfyll i fjor. I 2024 tok litt over 9 prosent av befolkninga – 645.000 nordmenn – ein ny dose med covid-vaksine. Av desse var 525.000 over 65 år.

Til samanlikning tok 23 prosent av befolkninga influensavaksine sist haust og vinter.

Auka risiko

Når prisen på koronavaksine no blir over 1000 kroner for folk flest, vil truleg enda færre utanfor risikogruppene velje å friske opp vaksinen. Dette får ein kostnad, meiner Nina Langeland, professor i infeksjonsmedisin ved Universitetet i Bergen. Ho har forska mykje på lang-covid sidan pandemien tok til i 2020.

«Færre vaksinerte vil medføre økt risiko for sykdom og sykmelding for covid i befolkningen, og dermed også potensielt forekomsten av langtidsplager. Det er vist at vaksinasjon beskytter både mot akutt alvorlig sykdom og mot langtidskomplikasjoner», skriv Langeland på e-post.

Ho ser ingen gode medisinske grunnar til at influensavaksine skal vere langt billegare enn covid-vaksine.

«Når det gjelder akutt sykdom, blir vurderingen nokså lik for influensa og covid. Når det gjelder langtidskomplikasjoner, så er risikoen, med det vi vet i dag, høyere ved covid», skriv Langeland.

Kost og nytte

Som med alt anna i helsevesenet må styresmaktene gjere ei kost-nytte-vurdering. Covid-vaksine er mykje dyrare i innkjøp enn influensavaksine. Er vinsten for folkehelsa stor nok til at staten bør subsidiere covid-vaksinar for folk flest? Reknestykket har mange ukjende, men professor Jörn Klein meiner det ville vere klokt å halde vaksineprisen nede.

– Når Nav peikar på covid og lang-covid som ei viktig årsak til sjukefravær, er det dårleg samfunnsøkonomi å gjere vaksinen dyr. Låg pris på vaksinen gjev lågare sjukefravær, seier Klein. Han vedgår at det ikkje er eintydige studiar som viser kor stor effekten på befolkninga vil vere av ei brei covid-vaksinering i dag.

– Men vi veit at covid og lang-covid bidreg til sjukefråvær. Og vi veit frå kliniske studiar – inkludert FHIs eigne – at vaksinasjon gjev ein viktig reduksjon i risiko for lang-covid. Da er det rimeleg å tru at låg pris og høg oppslutnad om vaksinasjon òg gjev samfunnsøkonomisk vinst, seier Jörn Klein.