JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei god tid for banksjefar

Fortenesta til norske bankar slår alle rekordar.
Kva fortel det om bankmarknaden?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Konsernsjef i DNB Kjerstin Braathen (t.v) og finansdirektør Ida Lerner på veg inn for å presentere resultatet for 4. kvartal i fjor. DNB hadde i fjor det største overskotet nokon gong. Braathen kunne gle seg over ei årsløn på nesten 16 millionar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

12217
20240322

Gullalderen

Norske bankar hadde i fjor eit samla resultat på 88,5 milliardar etter skatt.

Det var 17 milliardar meir enn i 2022.

Resultatet til DNB var nesten 40 milliardar etter skatt i fjor.

DNB betalte 25 milliardar i utbyte til eigarane.

Bankane har heva utlånsrentene langt meir enn innskotsrentene dei siste åra.

Økonomi

peranders@dagogtid.no

Norske bankar er inne i ein gullalder. Overskota er dei største nokon gong, det same er utbyta til aksjonærane. I fjor var det samla resultatet til bankane 88,5 milliardar kroner etter skatt, 17 milliardar meir enn i 2022. DNB tente nesten 40 milliardar kroner etter skatt i fjor, og betalte ut 25 milliardar i utbyte til eigarane. Det er ikkje rart at banksjef Kjerstin Braathen smiler breitt på alle avisbilete for tida. Det er mindre grunn til å smile for dei som betaler gildet. Renta bit no hardt for svært mange nordmenn med store bustadlån, mange av dei tekne opp i den lange lågrenteperioden etter finanskrisa i 2008.

Dette er ikkje noko særnorsk fenomen. Banksektoren i Europa har fått eit kraftig oppsving i lønsemda sidan rentene tok til å stige. Somme norske bankar har gjort det særs godt. Ei rangering Bloomberg Intelligence laga i fjor, tydde på at norske DNB var den nest mest lønsame storbanken i Europa i 2022. Berre belgiske KBC Group vart rangert som meir lønsam, skreiv Dagens Næringsliv i fjor.

Prisen for pengar

Kvifor tener eigentleg bankane så godt for tida? At styringsrenta stig, tilseier ikkje at dei skulle tene mykje betre. Prisen på pengar har jo stige for bankane òg. Og om bankane auka utlånsrenta og sparerenta i takt, vart det ikkje så store utslag på fortenesta. Men det gjer dei ikkje. Når Noregs Bank har jekka opp styringsrenta, har bankane heve utlånsrenta langt meir enn innskotsrenta.

Så kunne ein tru at konkurranse skulle halde fortenesta nede: Dei fleste bankprodukt er til forveksling like konkurrentane sine: Pengar er pengar. Dermed burde sparekundane strøyme til banken med høgast innskotsrente, og lånekundane burde strøyme til banken med lågast lånerente. Konkurransen skulle så drive fortenesta ned for bankane. Men ikkje alle er overtydde om at denne marknaden fungerer.

«Har konkurransen i det norske bankmarkedet noen gang vært svakere», spurde nyleg forvaltar Sigmund Håland i ein kommentar i Dagens Næringsliv. Rentemarginen i personmarknaden – skilnaden på lånerente og innskotsrente – var i snitt på nesten 3 prosent i fjor, påpeika Håland. Det er den høgaste marginen på 24 år, syner tal frå SSB. Fagdirektør Jorge Jensen i Forbrukarrådet hadde ei delforklaring i Nettavisen i fjor: «Bankene nyter godt av at forbrukerne har blitt vant til at innskuddene våre gir liten eller ingen rente.»

Utnytting

– Dette er eit område der marknaden ikkje fungerer, meiner statsvitar Bent Sofus Tranøy. Han er professor ved Institutt for organisasjon, leiing og styring på Høgskolen i Innlandet, og var medlem av Finanskriseutvalet i 2011.

Banksektoren er ikkje generelt spesielt lønsam. Men når det skjer raske renteendringar, er bank svært lønsamt, seier Tranøy. Da blir det vanskeleg for kundane å følgje med, og bankane skrur opp utlånsrenta mykje meir enn innskotsrenta.

– Bankane utnyttar renteauken til sentralbankane på det grovaste. Denne rørsla er gull verd for dei. Sett med brillene til lærebokøkonomien er det litt overraskande at folk ikkje byter bank oftare. Men folk orkar ikkje å byte bank så ofte, vi har andre ting å stelle med enn å vere perfekte forbrukarar.

Politikarane har ikkje vore til mykje hjelp for bankkundane, meiner Tranøy.

– Jonas Gahr Støre er livredd for å drive opp styringsrenta, difor held han att på statsbudsjetta. Men han er ikkje interessert i den bankrenta som faktisk råkar forbrukarane. Støre seier berre at han er glad for at DNB er så solid. Norske politikarar er generelt sløve når det gjeld forbrukarpolitikk.

– Dette er eit område der marknaden ikkje fungerer.

Bent Sofus Tranøy, professor ved Høgskolen i Innlandet

Inngrep

Ei som har prøvd å gjere politikk av bankrenta, er Kari Elisabeth Kaski (SV), medlem av finanskomiteen. I fjor foreslo ho at bankane skulle påleggjast å endre utlånsrenta og innskotsrenta i takt. Ho foreslo òg å auke finansskatten, som i dag er på 25 prosent av overskotet. Men forslaga fekk ei kald skulder frå finansminister Trygve Slagsvold Vedum. «Det er kundene selv som må være tydelige overfor sin bank. Du må si ifra som kunde dersom du får for dårlige rentebetingelser», sa han til TV 2. Det er ikkje godt nok, meiner Kaski.

– Det er viktig å bruke forbrukarmakta. Men bankane og kundane har ikkje same tilgang til informasjon. Det er vanskeleg å orientere seg for bankkundane. Dei prisane ein finn på nettet, stemmer ikkje. Kundane kan forhandle seg fram til andre prisar enn dei offisielle, seier Kaski.

– Ein kan ikkje klandre bankane for å vere flinke til å tene pengar?

– Bankar skal tene pengar. Men bankane er i ei særstilling fordi dei er ein så viktig del av infrastrukturen i samfunnet. Vi er alle avhengige av bankane, og dei har heilt spesielle rettar. Til dømes kan dei lage sine eigne pengar når dei gjev nye bustadlån.

– Vedum meinte at det er altfor inngripande å påleggje bankane å justere utlåns- og innskotsrenta i takt?

– Bankane har alt mange spesielle reguleringar på grunn av den særeigne posisjonen sin. Når dei ikkje viser samfunnsansvar, er det rimeleg å regulere dei til beste for forbrukaren. Og når bankane fekk eit overskot på 89 milliardar kroner i 2023, trur eg mange reagerer, seier Kaski.

Svake forbrukarar

SV-politikar Kaski og tidlegare Høgre-statsråd Morten Meyer er heilt samde om at konkurransen i bankmarknaden ikkje fungerer godt. Meyer er no generalsekretær i foreininga Huseierne.

– Når norske bankar tener så godt som no, er det eit uttrykk for at konkurransen er for dårleg. Vi forbrukarar bruker ikkje makta vår i tilstrekkeleg grad, seier Meyer.

Han peikar på at bankkundar er lite mobile. Ifølgje Forbrukarrådet flytta berre 7 prosent av norske låntakarar bustadlånet sitt i 2022, medan 15 prosent reforhandla lånet.

– Er norske bankkundar dummare enn bankkundar i andre land?

– Det er i alle fall viktig å vere medviten om lånevilkåra i Noreg. Her er det fleire enn i andre land som eig sin eigen bustad. 80 prosent av heimane her er sjølveigde, medan berre 50 prosent er det i Sverige.

Konkurransen i marknaden for bustadlån er svakare enn styresmaktene legg til grunn, meiner Meyer. Ei undersøking Huseierne nyleg la fram, syner at lånemarknaden er overraskande lokal. I store delar av landet er det berre ei handfull bankar som gjev bustadlån. Fleire bankar som kallar seg landsdekkjande, nektar å gje lån til bustadkjøp i mindre sentrale strøk.

– I teorien har kundane 100 bankar å velje mellom. Men langt frå alle kan tilby lån på kvar stad. I ein ganske stor by som Tromsø har tre aktørar 85 prosent av bustadlåna. Sjølv i større byar i Noreg kan det vere ganske svak konkurranse, seier Meyer.

Han meiner òg at det statlege tilsynet med bankane ikkje tener forbrukarane godt nok.

– Tilsynsordningane er fragmenterte og svake. Finanstilsynet, Forbrukartilsynet og Forbrukarrådet har alle oppgåver knytte til forbrukarsida av bankane. Det hadde vore betre om dei var samla i eitt tilsyn som jobba ut frå eit tydeleg forbrukarperspektiv.

«Bra for Noreg»

Som finanskrisa i 2008 synte til fulle, er banksystemet særs viktig for å halde samfunnet i gang. Slik sett kan ein hevde at det som er bra for finanssektoren, er bra for Noreg: Om ikkje bankane tener nok, kan det bli bankkrise. Men den tankegangen kan ha ein kostnad for folk flest, meiner Morten Meyer. Han peikar på at styresmaktene og finansnæringa har sterkt overlappande argumentasjon.

– Når ein les kva Finanstilsynet, Finansdepartementet og Finans Norge skriv, er det ofte vanskeleg å sjå kven som seier kva. Dei er så samstemde.

Det er ikkje vanskeleg å finne døme på dette. I ein artikkel frå to direktørar i bransjeorganisasjonen Finans Norge i januar heitte det til dømes: «God lønnsomhet bidrar til å redusere faren for bankkriser. Bankkriser kan påføre samfunnet store kostnader.»

I halvårsrapporten til Noregs Bank om finansiell stabilitet i fjor haust heitte det: «Bankenes lønnsomhet er førstelinjeforsvaret mot tap. Norske banker har god lønnsomhet, og rentemarginen har økt siden renteoppgangen startet i 2021.»

«God lønnsomhet er en forutsetning for solide banker», erklærte statssekretær Geir Indrefjord i Finansdepartementet i desember i fjor.

«Norge trenger sterke banker!», skreiv Kari Olrud Moen, adm.dir. i Finans Norge, i ein kronikk i desember (der ho argumenterte mot strengare regulering av finansnæringa).

Også statsministeren ser lønsemda til dei norske bankane i same perspektiv. «Norge er tjent med solide banker. Det som er virkelig ille for folk, er hvis bankene går over ende», sa Jonas Gahr Støre til Dagbladet i januar. Finansnæringa, statsapparatet og regjeringa er samstemde.

Oppkjøp

Korleis påverkar den semja viljen til å regulere banksektoren og skjerpe konkurransen bankane imellom? Det er ikkje så lett å seie. Men i alle fall har styresmaktene dei siste åra akseptert oppkjøp som neppe har styrkt konkurransen om bankkundane.

I 2023 godkjende Konkurransetilsynet at Nordea, den nest største banken i Noreg, fekk kjøpe den norske personkundeverksemda til Danske Bank. «Konkurransetilsynet har kome til at Nordea sitt oppkjøp av Danske Bank ikkje i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse i bankmarknaden», heitte det pressemeldinga.

I 2021 sette derimot Konkurransetilsynet foten ned for DNB-oppkjøpet av Sbanken, ein effektiv liten utfordrar i kampen om personkundane. Men året etter overprøvde Konkurranseklagenemnda tilsynet, oppkjøpet vart godkjent, og DNB vart enda litt mektigare.

Kva seier så Konkurransetilsynet om stoda i bankmarknaden i dag? Kva kan vere grunnen til at bankane tener så godt?

«Felles forståelse»

«Konkurransetilsynet mener at det er flere forhold som indikerer at konkurransen ikke fungerer optimalt», skriv Hanne L. Falkanger, nestleiar for avdeling for finans og kommunikasjon, i e-brev. Ho viser til fleire moglege hindringar: Det har kostnader å flytte bustadlån, noko som kan binde kundane til banken. Og om kundane sjeldan byter bank, blir bankane mindre motiverte for å konkurrere på pris. Det er òg strenge krav til kapital og soliditet i banksektoren, noko som gjer det vanskeleg for nye aktørar å etablere seg.

Det mest interessante punktet Falkanger nemner, er henta frå ein rapport tilsynet laga i 2015. Den synte at «konkurransen i boliglånsmarkedet var sårbar fordi markedsforholdene lå til rette for koordinering, og vi fant også indikasjoner på at bankene hadde økt sine marginer gjennom å samordne sin opptreden i markedet».

Rapporten skulda ikkje bankane for ulovleg prissamarbeid, men konstaterte at «bankene har sammenfallende interesser og insentiver til å koordinere sin markedsatferd», og opna for ei meir diskre samkøyring: «Det kan ha blitt etablert en felles forståelse bankene imellom om et samlingspunkt for rentenivået». Ei felles forståing om rentenivå – det er i så fall ikkje ei oppskrift på sunn konkurranse.

Falkanger understrekar at rapporten var bygd på observasjonar frå 2012 til 2014, og at Konkurransetilsynet ikkje har gjort tilsvarande undersøkingar i dag.

Filialkutt

Eit siste moment må nemnast: Norske bankar har gått langt i effektivisering, digitalisering og nedlegging av filialar, og det har gjort dei meir lønsame. Eit døme: Når Sparebank 1 Nord-Norge har blitt den mest lønsame banken i landet, er det dels fordi konsernet gjekk frå å ha 59 filialar i 2016 til 15 i dag. Tal frå det europeiske banktilsynet EBA syner at bankane i Noreg har svært låge driftskostnader i høve til inntektene, samanlikna med andre europeiske land. Samstundes er det ikkje opplagt kven som skal få vinsten av effektiviseringa – bankane eller kundane deira?

– Når bankane kunne gå så langt i digitaliseringa, er det jo fordi vi kundane gjer det meste av jobben for dei. Men det er bankane og eigarane deira som beheld det meste av vinsten, seier Morten Meyer i Huseierne.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis