Ei global skatteknipeOver heile verda strevar statane med å finne rette skattesatsar for fleirnasjonale selskap, seier økonomiprofessor Guttorm Schjelderup.
Over heile verda strevar statane med å finne rette skattesatsar for fleirnasjonale selskap, seier økonomiprofessor Guttorm Schjelderup.
– Spørsmål om internprising og skatteplanlegging er svært vanskelege å handtere for styresmaktene. Ein kan ha mistanke om at riggselskapa flyttar overskot utanlands, men ingen er tekne for brot på regelverket, seier Guttorm Schjelderup. Han er professor i samfunnsøkonomi og leiar for Senter for skatteforsking ved Norges Handelshøyskole.
– Riggselskapa kan hevde at det er dei store kostnadene deira som gjer at dei ikkje skal betale meir i skatt i Noreg, til dømes leige av riggar frå morselskapet. Reglane seier at slike transaksjonar skal prisast etter prinsippet om «armlengds avstand», altså som om dei fann stad mellom to uavhengige partar i ein marknad. Men mange av transaksjonane som finn stad i konserna, har ikkje ein reell marknad ein kan samanlikne dei med.
Dette problemet gjeld på dei fleste felt der fleirnasjonale selskap opererer, påpeikar Schjelderup.
– I USA har styresmaktene prøvd å løyse problemet ved å samanlikne overskotet til dei fleirnasjonale selskapa med nasjonale selskap i same bransje, og bruke dette til å vurdere om eit selskap har drive med skattetilpassing. Men også dette er vanskeleg. Og når det gjeld riggbransjen i Noreg, finst det ikkje nasjonale aktørar å samanlikne med.
Avgrense frådraga
– Riggselskapa har enorme inntekter, og om det skjer overskotsflytting frå verksemda deira på norsk sokkel, er det alvorleg, seier Marianne Marthinsen. Ho er stortingsrepresentant og finanspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Marthinsen trekkjer fram tilrådingane frå Scheel-utvalet, som i 2014 kom med råd om reformer i det norske skattesystemet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.