Ei global rørsle mot globalisering

Startskotet for antiglobaliseringsrørsla var ein leiarartikkel i den franske månadsavisa Le Monde Diplomatique i desember 1997.

Demonstrasjonane mot WTO-møtet i Seattle i 1999 vekte stor merksemd rundt i verda, og dei neste åra vart massedemonstrasjonar vanleg i samband med internasjonale toppmøte.
Demonstrasjonane mot WTO-møtet i Seattle i 1999 vekte stor merksemd rundt i verda, og dei neste åra vart massedemonstrasjonar vanleg i samband med internasjonale toppmøte.
Publisert

Utgangspunktet var den djupe krisa i Søraust-Asia same året, og redaktør Ignacio Ramonet retta krass kritikk mot den økonomiske globaliseringa og mot institusjonar som Det internasjonale pengefondet, Verdsbanken, OECD og Verdshandelsorganisasjonen (WTO). Globalisering og finansspekulasjon undergrov statane i den verkelege verda, og det var på tide å «avvæpne marknadene», meinte Ramonet. Artikkelen hans vart mellom anna inspirasjonen til organisasjonen Attac, som i starten hadde avgift på valutahandel som den fremste kampsaka si.

Kampen mot globaliseringa tok mange ulike former. I Seattle demonstrerte kring 40.000 menneske mot WTO-toppmøtet i 1999, og massedemonstrasjonar vart normalen ved toppmøta i organisasjonar som Verdsbanken, Pengefondet og EU dei neste åra. Den globaliseringskritiske forfattaren Naomi Klein vart ei viktig røyst for rørsla med boka No Logo, og også ein profilert økonom som Joseph Stiglitz, tidlegare sjeføkonom i Verdsbanken og vinnar av Nobels minnepris i økonomi, slutta seg til mykje av kritikken av dei internasjonale finansinstitusjonane og liberaliseringa dei stod for.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement