JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei brutal oppvakning

Lenge var ikkje innvandring eit politisk tema i Sverige. Gjengvalden har endra alt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Politibilar ved Mälarhöjdens idrottsplats i Stockholm, der ein mann vart skoten og drepen 27. september. Gjengvalden i Sverige har gått frå vondt til verre i haust.

Foto: Pontus Lundahl / TT / NTB

9426
20231006

Innvandring til Sverige

Sverige har lenge vore av dei mest innvandringsliberale landa i verda

I dag er 20 prosent av den svenske befolkninga fødde i eit anna land

Dei største innvandrargruppene er syrarar og irakarar

Den aukande kriminaliteten og gjengvalden har endra synet på innvandring i Sverige

«Ansvarslaus innvandringspolitikk og mislukka integrering har ført oss hit», sa statsminister Ulf Kristersson sist veke

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Krigen mellom gjengane i Sverige har gått frå vondt til verre. På berre to veker i september vart ni menneske skotne og drepne. I snitt skjer det no eit bombeåtak i landet annankvar dag, ifølgje svensk politi.

Valdsspiralen og dei stadig sterkare kriminelle nettverka har endra ordskiftet i Sverige radikalt dei siste åra. At innvandrarar flest er lovlydige borgarar, og at det også finst etniske svenskar i gjengane, er sant. Men få svenske politikarar vil i dag nekte for at valdsbølgja og gjengkriminaliteten i Sverige har å gjere med ei stor innvandring og feilslegen integreringspolitikk. «Det er ansvarslaus innvandringspolitikk og mislukka integrering?som har ført oss hit», sa statsminister Ulf Kristersson sist veke, dagen etter at tre menneske var drepne i Sverige.

Annleisland

No snakkar statsministeren om tiltak som går på rettstryggleiken laus, som å utvise folk frå landet fordi dei er knytte til kriminelle gjengar – sjølv om dei ikkje er dømde for noko. Det er eit teikn på desperasjon.

Kriminaliteten og kampen mot gjengane er ikkje temaet her. Men korleis har det ein gong så harmoniske Sverige hamna i denne ulukkelege situasjonen, som gjer livet utrygt for så mange og mest av alt råkar dei som bur i dei såkalla «utsette områda»? Kvifor har det kome så mange fleire flyktningar og asylsøkjarar til Sverige enn til andre europeiske land, sett i høve til folketalet? Og korleis kunne innvandring, eit tema som lenge har vore så omstridd i resten av Europa, nærast vere heva over politisk debatt i Sverige i fleire tiår?

Ein av fem

Vi tek med nokre tal som set innvandringa til Sverige i perspektiv. I 1930 var 1 prosent av befolkninga i Sverige fødde i eit anna land. I dag er andelen på 20 prosent. Det er eit svært høgt tal i europeisk målestokk. Berre Sveits og Luxembourg, land med ei selektiv arbeidsinnvandring, har ein større andel utanlandsfødde.

Innvandrarandelen i Noreg er faktisk ikkje svært langt bak Sverige: Her i landet er dei utanlandskfødde 16 prosent av befolkninga. Men i Sverige utgjer flyktningar og asylsøkjarar ein større del av innvandrarane. I Noreg er dei to største innvandrargruppene polakkar og litauarar. I Sverige er det syrarar (kring 200.000) og irakarar (kring 150.000).

Dette er ikkje ei allmenn mistenkjeleggjering av syrarar, irakarar eller andre som har rømt frå krig eller undertrykking. Men det er jamt over vanskelegare for flyktningar og asylsøkjarar frå Midtausten å integrere seg i eit nordisk land enn det er for europeiske arbeidsinnvandrarar. Og no seier den svenske statsministeren altså rett ut at svenskane har mislukkast med integreringa. Lenge var slikt nær umogleg å seie i Sverige – i det minste for ansvarlege politikarar i dei store partia.

Apolitisk

– I mange år var ikkje innvandring sett på som eit politisk tema i Sverige, seier Pär Frohnert, universitetslektor i historie ved Universitetet i Stockholm. Frohnert er medforfattar av kunnskapsoversynet Innvandringens historia – från «folkhemmet» til dagens Sverige frå 2019, som er det næraste Sverige kjem ei innvandringshistorie.

– Det er rart at det var konsensus om det som i dei fleste land i Europa er eit vanskeleg politisk tema?

–?Det vart ikkje oppfatta som eit vanskeleg tema i Sverige, seier Frohnert.

– Slik var det med den store arbeidsinnvandringa på 50- og 60-talet òg: Folk vart ikkje spurde om kva dei meinte, og det var ikkje debatt om det i Riksdagen. Innvandring vart sett på som regjeringa sitt bord.

Så var da òg denne innvandringa rekna som vellukka, fortel Frohnert. Svensk industri fekk sårt tiltrengd arbeidskraft, og innvandrarane fann sin plass i samfunnet.

Sjølvbilete

Også lenge etter at arbeidsinnvandringa minka på 70-talet og talet på flyktningar og asylsøkjarar auka, var svenskane positive til innvandring, seier Frohnert.

–?Det å forsvare menneskerettar og humanitære ideal var blitt ein del av det svenske sjølvbiletet. Sverige brukte mykje pengar på u-hjelp og ville vere eit føregangsland i verda. Det finn vi i retorikken alt på 50-talet.

Truleg spela dårleg samvit for rolla Sverige spela i krigsåra, også ei rolle, meiner Frohnert.

– Det har blitt sagt at det viktigaste som skjedde med Sverige på 1900-talet, var at vi ikkje var med i andre verdskrigen.

Nazisme

Da innvandringa til Sverige auka for alvor på 80-talet, kom eit nytt problem opp som var med på å kvele debatten, påpeikar Frohnert: Nynazistiske organisasjonar voks seg sterke i landet, med innvandringsmotstand som ei fanesak.

– Når kritikken av innvandringa kom frå nynazistane, vart det vanskeleg for politikarane å ta tak i dei vanskelege spørsmåla. Det forsterka berre den humanitære overtydinga til dei politiske partia.

Dette medverka òg til at skuldingar om rasisme sat laust i Sverige.

– Da Folkpartiet i 2002 foreslo å stille krav om ein språktest for innvandrarar som søkte om statsborgarskap, vart utspelet kalla rasistisk.

Sjenerøse

Når asylinnvandringa vart så mykje større i Sverige enn i andre land, har det mykje med ein raus politikk for familiegjenforeining å gjere, seier Frohnert.

– Dei svenske reglane var veldig sjenerøse. Få land har vore så liberale når det gjeld familieinnvandring som Sverige har vore.

I tillegg har innvandringa frå somme land vore sjølvforsterkande: Mange søkjer seg til eit land der dei har slekt og mange landsmenn frå før. I 2006 gav Sverige opphald til like mange irakarar som heile EU til saman. På 2000-talet kom det fleire irakiske flyktningar til Södertalje enn det kom til heile Nord-Amerika, fortel Frohnert.

– Har politikarane hatt ei tru på at den svenske samfunnsmodellen var sterk nok til å takle alt?

– Ja, omtrent slik må dei vel ha tenkt. Det vart teke for gjeve at her kunne alle finne sin plass i samfunnet. I Sverige har vi hatt eit sjølvbilete som eit land med ein fantastisk integreringspolitikk, blant dei beste i verda. Det sjølvbiletet har ikkje krakelert før i dei aller siste åra.

Fritt fram

I tillegg til den store innvandringa har også andre faktorar vore med på svekkje integreringa. Pär Frohnert trekkjer fram lova Riksdagen vedtok i 1994 som gav asylsøkjarar rett til å busetje seg der dei vil i Sverige. Resultatet vart svært innvandrartette lokalsamfunn med dårlege levekår i forstadene til svenske byar.

Veksten til privatskulane –?det finst no nesten 1300 slike i Sverige – har òg forsterka segregeringa: Mange stader gjev mellomklasseforeldre opp den offentlege skulen. Også arbeidslivet er endra: Under den økonomiske krisa på 90-talet forsvann ein halv million jobbar i Sverige. Det gjorde vegen inn i arbeidslivet mykje lengre, seier Frohnert.

– Heile økonomien vart råka, men innvandrargruppene vart råka ekstra hardt. Og med utvidinga av EU kom det ei stor arbeidsinnvandring frå Aust-Europa, samtidig som mange innvandrarar som alt budde i Sverige, ikkje kom seg i arbeid.

Optimisme

Vi vender attende til utgangspunktet: Korleis kan det ha seg at debatten om innvandring og integrering så lenge var på sparebluss i Sverige, medan han koka over i mange andre land?

Johan Strang er historikar ved Universitetet i Helsinki og har politikk i dei nordiske landa som spesialfelt. Også han meiner at Sveriges historie under andre verdskrigen forklarer mykje, men på eit anna vis enn det Frohnert sikta til.

– Dei finst ei særeiga, litt naiv framtidstru i Sverige. Eg trur det er fordi det er så lenge sidan svenskane opplevde krig og verkelege kriser, seier Strang.

– I Finland har vi ein heilt annan kriseberedskap. Vi tenkjer alltid at det verste kan skje.

Svenskane tenkjer òg større enn nabofolka sine, meiner Strang.

–?Sverige har ein meir universalistisk tankegang. Medan ein i Finland stort sett er oppteken av å verne om finske interesser, kunne svenskane snakke om verdas interesser.

Eit nytt land

–?Var det ei tru i Sverige på at «den svenske modellen» var så god at innvandrarane automatisk skulle finne sin plass?

– Kanskje. Men det har skjedd mykje med den svenske modellen dei siste åra. Kanskje svenskane har trudd at dei hadde den same sterke velferdsstaten som før, men det stemmer ikkje. Du kan seie at det er for mange innvandrarar, men den store innvandringa har skjedd samtidig med privatiseringa og svekkinga av velferdsstaten.

Den politiske debatten i Sverige går mest langs høgre–venstre-aksen og handlar om kroner og øre, seier Strang.

– Svenskane har vore redde for debatten om innvandring. Og det stemmer at dei er konformistiske, dei vil helst ikkje vere for usamde.

– Ser vi no slutten på den såkalla meiningskorridoren i Sverige, med strenge reglar for kva ein kan meine om innvandring?

– Eg lurer på om ikkje Sverige har fått ein ny meiningskorridor. No vil nesten alle stramme inn innvandringspolitikken og ha strengare straffer. Det er ikkje lenger mange som meiner det er Sveriges oppgåve å vere verdssamvit og ta imot mange flyktningar. Den tida er over, seier Johan Strang.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis