– Ei avgjerd som ikkje var rett

Tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide meiner det i dag er openbert at avgjerda om å gå til krig i Libya i 2011, ikkje var rett.

Knut Arild Hareide meiner det i 2011 var vanskeleg å forstå at ein del av Noregs alliansepartnarar i Libya hadde andre motiv enn å verne sivilbefolkninga.
Knut Arild Hareide meiner det i 2011 var vanskeleg å forstå at ein del av Noregs alliansepartnarar i Libya hadde andre motiv enn å verne sivilbefolkninga.

– Ettertida har synt at situasjonen i Libya ikkje var slik vi trudde, og at dei som var med i alliansen, hadde eit større mandat – for å seie det på ein fin måte – enn det dei gav uttrykk for. Det må vi ta lærdom av for framtida.

Det seier tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide om den norske deltakinga i bombeåtaka mot Libya våren og sommaren 2011.

I boka Libya. Krigens uutholdelige letthet, som kom ut førre veke, tek elleve norske forskarar eit oppgjer med det dei meiner er manglande offentleg debatt om den norske deltakinga. Dei hevdar at norske politikarar ikkje sette seg godt nok inn i situasjonen i Libya før dei vedtok å delta. Dei hevdar òg at Noreg såg vekk frå at allierte land hadde andre mål med bombinga enn berre å verne sivile, som var det FN-resolusjonen gav mandat til, og at norske styresmakter heller ikkje synte vilje til å ta ansvar for at operasjonane heldt seg innanfor FN-mandatet.

– Vanskeleg å forstå

Hareide overtok som KrF-leiar ein månad etter at Noreg gjekk med i krigen, og var ikkje sjølv med på å ta avgjerda. Hadde han vore det, trur han at han ville støtta opp om den norske deltakinga, slik dåverande KrF-leiar Dagfinn Høybråten gjorde.

– Operasjonane hadde folkerettsleg grunnlag gjennom FN, og Nato stilte seg bak. På det tidspunktet var det òg vanskeleg å forstå at ein del av alliansepartnarane hadde andre motiv. I dag er det lett å vere ærleg og seie at det var ei avgjerd som ikkje var rett, men eg forstår likevel avgjerda ut frå kunnskapen og informasjonen ein sat med den gongen, seier han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement