Utanriks

– Eg ville heller vore arabar i Israel enn religiøs jøde i Europa

OFER: Jødiske Yoel Blomberg driv gard. Dagleg har han kontakt med palestinarar. Geir Olav Jørgensen møter han på garden hans i Ofer.

– Så lenge det står radikale islamistar på den andre sida av grensa, kan vi ikkje gje frå oss ein millimeter av dei okkuperte landeområda, seier Yoel Blomberg.
– Så lenge det står radikale islamistar på den andre sida av grensa, kan vi ikkje gje frå oss ein millimeter av dei okkuperte landeområda, seier Yoel Blomberg.
Publisert

– Kva meiner du om Israel og livet her, Yoel Blomberg?

Det blir som å snakke om kona mi. Det hender vi kranglar, men når eg snakkar med andre om henne, framhevar eg dei gode sidene hennar. Slik har eg det også med Israel, men eg skal prøve å vere ærleg med deg. Først av alt: Israelarar flest kan seiast å leve nokså normale liv. men vi har nok eit meir hektisk liv enn europearane. Livet vårt er meir intenst, trur eg.

Israel er ofte eit dramatisk land. Eg støttar opprettinga av det jødiske heimlandet, med holocaust og den mørke historia vår som bakgrunn, sjølv om stiftinga av landet var eit drama. I dette området, der Moshav Ofer ligg, var det to arabarlandsbyar. Dei som budde her, blei drepne eller drivne bort. Over heile Israel finn ein eksempel på slike forteljingar. Men eg kom til landet 27 år seinare, eg kan ikkje dvele ved dette i dag. Det står ikkje i mi makt å endre på historia.

I dag uroar eg meg for den auka religiøse påverknaden som vi ser. Det gjeld både jødar og arabarar. Eg kan bruke den arabiske nabolandsbyen vår som eksempel. For tjue år sidan såg du knapt ei kvinne med sjal på hovudet. Dei var meir sekulære og orienterte seg mot Vesten. Men det endra seg. I dag skal bortimot alle vere religiøse. Også dei som ikkje er religiøse, kler seg som om dei var det, elles får dei problem med sine eigne.

Eg trur tendensen kan merkast over heile verda. I staden for ideen om ei samla verd søkjer folk inn igjen i det religiøse, tilbake til sin eigen kultur. Det er ein naturleg reaksjon på den kaotiske verda som vi lever i. Og Israel er ein del av det globale kaoset. Både arabarane og jødane søkjer tilbake til si eiga gruppe for å kunna definere seg sjølv i ein større fellesskap. Ikkje misforstå meg; eg er ikkje imot religion, men eg har eit problem med folk som vil styre livet mitt, og fortelje meg kva eg har lov til å gjere. Eg vil bestemme over livet mitt sjølv.

Dei religiøse får mange fleire ungar enn dei sekulære. Det kjem til å påverke landet, og livet vårt, meir og meir i tida som kjem. Dei religiøse når lenger og lenger inn i lovverk og reguleringar av alle slag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement