Eg trur på Den heilage anden …
Blabla
Slik lyder det kvar søndag i kyrkjene våre når kyrkjelyden seier fram truvedkjenninga. Den heilage anden er ein del av guddommen, av den treeinige guden. Ved kyrkjemøtet i Konstantinopel i år 381 vart han tatt inn som ein person i guddommen, og fekk den statusen i kyrkjelæra han i dag har.
Som tydeleg historisk aktør dukka han opp hos evangelistane Matteus og Lukas, der han av engelen Gabriel blir tildelt ei rolle då gudesonen Jesus blir annonsert på veg inn i verda. I Apostelgjerningane kom han ned frå himmelen på pinsedagen, som eit sterkt vêr, og fylte dei alle med si kraft. Dei fekk sjå tunger av eld, og dei tok til å tale i tunger på framande språk.
Også han vart eit stridens eple. Kven, eller kva, var no dette vesenet, med slik underleg og synleg framferd?
Kyrkjesoga, og den politiske soga, er full av strid om guddommen, minst om Faderen, mykje om både Sonen og Anden.
I urkyrkja var det ein langvarig og blodig strid om Kristus, som altså var gud og menneske på same tid. Kunne det i det heile vere mogeleg? Kunne det forståast? Det vart kristologisk strid, kyrkjekløyving, blod og landsforvising. Dei som hadde avvikande lære, reiste gjerne bort og skipa kyrkjelydar langt bort frå dei gamle sentra.
I vår sekulære tid er desse debattane og denne striden underleg lesnad, ikkje minst er temperaturen og aggressiviteten vanskeleg å forstå. Vi, i dag, vil meine at dei forfølgde kvarandre for saker dei ikkje kunne ha faktisk kunnskap om, eit underleg tankespinn.
Erling Sandmo har gitt ut ei fin bok om å lese historie. Eit av hans poeng er at om vi vil prøve å forstå fortida, må vi ta henne på alvor. Vi må innsjå at forfedrane våre gjorde det dei gjorde, fordi dei trudde som dei trudde. At vi har forkasta trua deira, endrar ikkje trua og gjerningane deira. Dei som brende hekser, trudde at dei slåst mot faktisk eksisterande vonde makter som hadde tatt bustad i heksene. Dei utførte Guds gode gjerning i kamp mot vondskapen. For dei, med si tru, var dette ein rett, viktig og nødvendig kamp. Dei hadde, for å sitere Paulus, tatt tankane sine til fange under trua. Så gjekk det som det gjorde.
Kampen mot vondskapen var viktig, ein del av den kosmiske kampen mellom Gud og Djevelen. Så måtte han førast med stort alvor og nødvendig brutalitet. I denne kampen kunne ein ikkje vike.
Når vi nærmar oss desse gamle debattane, om forholdet mellom Faderen og Sonen i sin himmel, og Den heilage anden rundt dei og oss, må vi prøve å forstå at dette var ekstremt viktige saker for dei det galdt. Det galdt, så langt dei meinte det var mogeleg å forstå Skaparen, som hadde skapt alt, og hans frelsesplan for verda, då han ofra sonen for menneskets synder. Og det galdt å vite at ein trudde rett om Faderen, Sonen og Heilaganden, slik at ein kunne vere trygg på å vere på rett veg mot dei himmelske gullgatene når tida var inne. Vranglærarane og følgjet deira ville hamne i eldpølen og den evige pina.
Mykje stod på spel. Så vart tanken strekt til det yttarste, og nødvendige tiltak vart sette inn mot vranglærarane og flokken deira. Og det skjedde i god tru.
Den heilage anden kom til å utløyse ein politisk strid med historiske konsekvensar. På kyrkjemøta i Nikea og i Konstantinopel vart det eintydig fastslått at Kristus var til frå æva og Faderen lik. Så var dei to likestilte og likeverdige. Å hevde noko anna var vranglære. Om Den heilage anden vart det sagt han «går ut frå Faderen». Om Sonen vart ingenting sagt. Dermed var likestillinga mellom dei to truga. Og det vart laga eit tillegg for å rette opp dette: «– og frå Sonen», på latin filioque. Under Karl den store fekk dette filioque fast plass i truvedkjenninga.
Men grekarane godtok ikkje dette. Dei meinte at Den heilage anden går ut frå Faderen åleine. Å hevde noko anna var kjetteri. Romabiskopen, paven, meinte at han som Peters etterfølgjar, hadde plikt og rett til å avgjere slike saker. Patriarken i Konstantinopel, den største kristne byen i verda, var usamd i det. Paven svara med å ekskommunisere patriarken, kaste han ut av kyrkja. Patriarken svara med å ekskommunisere paven.
Og dermed var det store skismaet i kyrkja eit faktum. få for kulturutvikling og politikk i Europa i hundreåra som kom.
Og det var farskapen til Den heilage anden som utløyste striden. Kom Den heilage anden berre frå Faderen, eller også frå Sonen, filioque. Filioque var eit lite ord med stor sprengkraft.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.