– Eg ser det urimelege

Namsfogd Alexander Dey vil halde oppe moralen, men helst ikkje slavebinde folk for småting.

Publisert

Noregs største mottakar av utleggsforretningar frå inkassobyråa er Alexander Dey, namsmann i Oslo, Asker og Bærum. I 2018 kritiserte han auken i talet på inkassosaker i eit intervju med Nettavisen og sa mellom anna: «Selv i den gamle romerretten krevde man ikke inn fillekrav (...). Vi gjør folk til økonomiske slaver for bagateller.»

– Eg vil ikkje utan vidare seie at det er for lett å sende krav til namsmannen. Men talet på saker har nok blitt drive opp av salæra til inkassobyråa, seier Dey til Dag og Tid.

– I tillegg har faktureringskostnadene gått ned mykje. Før var det ingen kreditor som forfølgde desse småsakene. No kan inkassoselskapa handsame dei billeg, og det kjem ein flaum av småkrav.

Dey peikar òg på andre mekanismar som driv opp talet på inkassosaker: Treningssenter som sender eit nytt krav for kvar ubetalte månad av bindingsavtalen. Bompengeselskap og parkeringsselskap som sender kvart vesle krav til inkasso. Firma som tilbyd kreditt og betalingsløysingar som nærast inviterer til misleghald.

– Desse småkrava har blitt big business, og eg kunne ønskt det var ei nedre grense på kva ein kunne sende til namsmannen. Men korleis kan ein samtidig halde oppe betalingsmoralen? Eg har ikkje noko svar. Men kreditorar og inkassoselskap bør ikkje ha drivarar for få flest mogleg av desse sakene. Som representant for namsmannen ser eg det urimelege i at gebyra i småsaker kan bli så høge.

– Når bankane veit at namsmannen kan stå for innkrevjinga, er det vel eit insentiv til å vere slepphendt med forbrukslåna?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement