Eg reiser åleinePilotmangel har ført til at Norwegian startar eigen pilotskule. Året er 1999: Eg er åtte år, sit i ein grå sofa på eit venterom på Flesland med heilt ny hue og skjerf og ventar på flyet til Geiteryggen, flyplassen i Skien. Eg skal på ferie

Pilotmangel har ført til at Norwegian startar eigen pilotskule.

Eit tusental Norwegian-passasjerar vart stranda på få dagar i sommar, grunna pilotmangel.
Eit tusental Norwegian-passasjerar vart stranda på få dagar i sommar, grunna pilotmangel.
Publisert

Året er 1999: Eg er åtte år, sit i ein grå sofa på eit venterom på Flesland med heilt ny hue og skjerf og ventar på flyet til Geiteryggen, flyplassen i Skien. Eg skal på ferie til far min, og er på den andre mellomlandinga etter to turbulente flyturar i hardt vestlandsvêr. Eg har teikneblokka i fanget og den raudstripa «Jeg reiser alene»-mappa på sofasetet ved sida av meg. Det er tre timar sidan ei skjørtekledd flyvertinne parkerte meg her.

– Kvar skal du i dag, då? spør ein mann i dress og pilothatt meg medan han bøyer seg ned for å sjå meg i auga.

– Eg skal vere med flyet til Skien. På besøk til pappa, svarar eg.

Han nikkar og støttar handa på armlenet ved sida av meg.

Det vert nok litt vanskeleg. Flyet ditt går ikkje dit i dag, seier han og bed meg vente medan han snakkar med personalet.

Så vinkar han meg til seg. Eg sukkar, trer hua godt nedover øyra og pakkar teikneblokka, brusflaska og tyggegummien ned i ryggsekken. Kor lenge må eg vente no, lurar eg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement