– Eg opplever at vi er lydhøyre
Vedlikehaldet i Equinor har heller blitt betre enn dårlegare dei siste åra, meiner mediekontakt Morten Eek.
– I fjor var det fleire hendingar enn det vi meiner er akseptabelt. Og dette er ting vi må jobbe med, seier Morten Eek, mediekontakt i Equinor.
– Når det gjeld brannane på Tjeldbergodden og Melkøya, har vi enno ikkje fått konklusjonar frå granskingane.
– Har du ingen tankar om kva som kan liggje bak ulukkene?
– Vi vil ikkje konkludere før granskingane ligg føre.
– Equinor har hatt ei rekkje store kostnadskutt sidan 2014. Det er freistande å tenkje at kutta kan ha gått på tryggleiken laus?
– Vi har sett etter ein mogleg samanheng mellom kostnadskutt og hendingar, og dei granskingane vi har gjort, har ikkje vist ein slik samanheng. Endringar for å redusere kostnader skal ikkje svekkje tryggleiken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.