EFTA
Kan EFTA-medlemskap bli ei mellombels løysing for britane på veg ut av EU?
Demonstrantar på veg til parlamentsbygninga i London under ein protestmarsj mot den britiske utmeldinga av EU, 9. september. Innmelding i EFTA er eitt av alternativa for eit Storbritannia utanfor EU. Foto: Scanpix / Reuters / Tolga Akmen
STRINGER
Moglegheita for at britane skal gå inn i frihandelsforbundet EFTA og velje «the Norwegian model» for tilknyting til EU, vart indirekte avvist frå statsminister Theresa May allereie då ho i januar skisserte planane for EU-utmeldinga.
Ideen lever likevel vidare og vert stadig nemnt som alternativ frå nye ministrar, embetsfolk og politikarar. No sist frå den britiske brexitministeren David Davis i samband med eit møte i det amerikanske handelskammeret tidlegare denne månaden.
Å gå inn i EFTA – som har brei tilgang til EUs indre marknad og frihandelsavtalar som dekkjer 38 land elles i verda – vert skildra som ei overgangsordning som kan sikre britane tilgang til EUs indre marknad gjennom EØS-avtalen, medan dei forhandlar fram nye avtalar med omverda. Vel har Davis understreka at det ikkje er denne overgangsordninga Storbritannia sjølv føretrekkjer, men samstundes seier han til nettstaden Politico at eit slikt medlemskap kan bidra til å skåne landet frå ein potensielt farleg økonomisk situasjon når det skal ut av EU i 2019.
Tidlegare partileiar for Liberaldemokratane, Nick Clegg, meiner EFTA-medlemskap er det lettaste og mest fornuftige alternativet britane har etter EU, ifølgje The Guardian. Av internasjonale nettaviser er det omtalt som ein hylleklar overgangsordning og «smooth exit» for britane.
Så enkelt er det nok ikkje.
Gullivers reise
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.