Sideblikk
Dugnadspålegget blir frivillig i år
Det er typisk norsk å ha tillit til sosio-terapeutisk monarki og fellesskapt sosialdemokrati.
Tradisjonen tru heldt kong Harald nyttårstale på Slottet.
Foto: Lise Åserud / NTB
Det klassiske bildet på eit nytt år er ein gebrekkeleg olding som gir stafettpinnen vidare til eit nyfødd barn. I år er det intensivpasientar og trippelvaksinerte som er målestokken. Vona er at covid-19 muterer til ein sesonginfluensa som er til å leva med og kan stikkast bort i flokkimmunitet – i rekka av tuberkulose og polio, hongkonginfluensa og asiasjuke.
ØYSTEIN OLSEN, som syng på siste verset som gjennomsnittleg stolt sentralbanksjef, «hensyntar» mykje og angrar ingenting. I diverse nyttårsintervju bruker han denne innøvde frasen om utsiktene for det nye året: «Bare vi kommer gjennom denne vinteren, da kommer solen tilbake.» Det er eit glansnummer i den inflaterte retorikken som samfunnsøkonomar har å rutta med når dei stig ned frå berget og meddeler seg til vanlege folk.
KONGE OG STATSMINISTER har også tala til folket – ikkje som undersåttar eller kameratar, og ikkje høgstemt, men med det intimiserande «kjære alle sammen».
Dei to utfyller kvarandre: eit sosio-terapeutisk monarki og eit fellesskapt sosialdemokrati for vanlege folk. Spaltisten kom ut av teljinga på kor mange gonger statsministeren brukte ordet fellesskap, brodert med samhald og tillit, «som er det beste vi har». Han skremde med den demonstrerande tilstanden i EU, som han elles har stor tillit til. Han tydde til «annleislandet» og «slik er ikke vi». Der var han i samklang med nyttårstalen til sin politiske mentor, Gro Harlem Brundtland, og han kunne ha ordlagt seg slik: «Det er typisk norsk å ha tillit.»
ORD OG ORDTAK, slagord og metaforar kan bli evige ved intens bruk, men dei kan også bli brukte opp, og då kan fenomenet bli devaluert på kjøpet. Slik har det dessverre gått med dugnad, som i 2004 blei kåra til Noregs nasjonalord. Etter at politikarar og styremakter har slite det ut som moralsk pålegg, har folk flest fått det så opp i halsen at det er sett i karantene.
Men me klarer oss vel gjennom ein koronavinter til, så lenge me får lov til å vera ute i naturen. Portforbod er over grensa for eit turfolk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.