Dugnadsånda har gått ut på dato

Me er alle i same båt der mange auser og ror, men somme lurer seg unna og tel pengar.

Dugnad hos Nesodden Seilforening på Steilene i Oslofjorden.
Dugnad hos Nesodden Seilforening på Steilene i Oslofjorden.
Publisert

Byråsjefen har hatt ein vel fortent sommarferie utan heimekontor. Etter at Forvaltninga hadde fått stokka og delt ut koronakorta, har fungerande helsestyresmakter spela dei med sikker hand, og alle har vaska hendene og vore med på eit kollektivt skippertak. I verdshelsesamanheng minner Byråsjefen om Gros ord: «Det er typisk norsk å være god.»

At det kan skeia ut på ishavssafari med Hurtigruten, der Trygve Hegnar står til rors, med Tom Cruise på mission impossible, i somaliske storfamiliar, i demonstrasjonar, på barar i Oslo, i tette kyrkjelydar i Haugesund, i bryllaup i Moss og andre porøse kohortar, er ikkje meir enn prognosane har tatt høgde for. Men regimet er rimeleg godt rigga for å følgja opp slike avvik utan at det har skapt nye smittebølgjer, og lykka har vore betre enn forstanden, så det grensar ikkje til svenske tilstandar.

DUGNADSPROSJEKT er det kalla. Dugnad er kåra til det norske nasjonalordet. Det er eit stolt og verdifullt kjennemerke ved det norske, ei hjartesak, ein kongeleg og kollektiv fortenestemedalje. Det er ein integreringstest og eit berande omgrep i norskopplæring for innvandrarar. Du er kronisk norsk når «dugnad» gir deg hornmusikk i brystet.

Ein grei definisjon på dugnad er eit prosjekt der alle bidrar til beste for seg sjølv og fellesskapet. Det er ikkje lovpålagt og for så vidt frivillig å vera med, men det er ikkje greitt å la det vera – «å ikkje ha lyst» duger ikkje. Dugnaden bryt saman som sosialt og moralsk konsept når nokre snik seg unna. Alle er like i dugnaden, og ingen er likare og friare enn andre.

DUGNAD ER Å TA eit felles tak saman i delt båt, bed, bu, bakgard, bedehus eller bane. Det oppstår ikkje spontant, men er vedtatt og tillyst til fastsett tid, med felles pause med dugnadslaga kake og kaffi. Gjerne under oppsyn av ein organiserande, pågåande, kontrollerande og moraliserande vaktmeister Narvestad som prøver å kombinera entusiasme, plikt og skam.

Å vera med på dugnadsarbeid skal vera noko positivt, av lyst, ære og plikt, men er heller ikkje utan ein dose negativ sosial kontroll. Skam er ein del av dugnadens vesen: Det er skamfullt å ikkje stilla opp og yta eit eller anna. Då bidrar ein i det minste med tid, for personleg tid i fellesprosjektet kan ikkje konverterast i avgift, pengar eller leigd arbeidskraft. I dugnadsøkonomien er det jamgodt med prostitusjon.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement