«Du er skeiv!»Førre veke freista kristne på Sunnmøre å kalle inn til hemmeleg møte om homofili. – Du er skeiv!
Førre veke freista kristne på Sunnmøre å kalle inn til eit hemmeleg møte om homofili.
Fokuset for det hemmelege møtet i Ørsta skulle vere kunnskapsauke, bygd på bibelen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
– Du er skeiv!
Jenta ropar over støyen frå miksebordet på Rokken, studenthuset i Volda. Eg har ikkje snakka med henne før, og smiler til henne over ølglaset mitt. Eg tenkjer meg om. Er det fordi eg har ring i nasen? Opp til fleire i øyra? Eller kanskje kan det vere fordi eg held fram med å barbere bort håret på den eine sida av hovudet lenge etter at det slutta å vere trendy?
– Er eg det?
Ho nikkar. Tek att påstanden ein gong til.
– Du er skeiv.
For to veker sidan fekk det kristne miljøet i Ørsta og Volda på Sunnmøre brev med invitasjon til eit seminar om homofili. Møtet skulle haldast i løyndom. Det skulle ikkje kunngjerast i aviser eller på sosiale medium.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.