DrugsI Noreg er dessverre rusproblem eit utbreitt fenomen. Oslo er Europas verste narkotikaby. I denne samanhengen har Nederland ein dårleg klang i øyro, for mykje av narkotikaen som kjem hit, blir smugla frå Nederland.

Publisert

I Noreg er dessverre rusproblem eit utbreitt fenomen. Oslo er Europas verste narkotikaby. I denne samanhengen har Nederland ein dårleg klang i øyro, for mykje av narkotikaen som kjem hit, blir smugla frå Nederland.

Ikkje berre Nederland, men òg det nederlandske språket, har sett merke på korleis vi forstår narkotika, for ord vi brukar om fenomenet, har opphav i nederlandsk. Ordhistoria deira er interessant, dei fortel òg noko om opphavet til rus og rusproblem.

Eitt ord er dop. Norske ordbøker viser til engelsk opphav, men engelske ordhistoriske verk viser til nederlandsk: til doop, «ein tjukk dyppesaus», og til dopen, «dyppe». Ordet viser altså til korleis ein konsumerte stoff før, i dette tilfelle ein type flytande opiumpreparat, som fanst i siste halvdel av 1800-talet.

Drugs har vi òg frå engelsk. Ordet kjem opphavleg av nederlandsk droog, som tyder «tørr», jamfør engelsk «dry». Drugs går attende til formuleringar som droge waren, «tørre varer», som fungerte som ein kontrast til verse waren, «ferskvarer». Med «tørr» meinte ein altså «tørka», «konserverte» varer. På norsk finst det endå eldre versjonar av ordet, i drogeri og droge.

Alt på 1500-talet var det knytt skepsis til konserverte varer frå fjerne land, som krydder, for dei var ofte forfalska. Kostesamt krydder var blanda ut med billigare stoff. Medisinarar tilrådde folk å eta mat frå lokalområdet, som var både fersk og «ekte» – ein hadde oversyn over tilvertingsprosessen og kunne såleis unngå matjuks. Debatten hadde likskapspunkt med debatten vår om kortreist kontra langreist mat.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement