Intervju
– Droneaktiviteten er ein beredskapsskandale
Dronehendingane ved norske flyplassar og oljeinstallasjonar syner at Noreg i realiteten ligg ope for droneåtak, seier journalist og forfattar Kjetil Stormark.
Eit rutefly frå Bodø måtte førre veke omdirigerast til Værnes etter droneobservasjonar ved Brønnøysund flyplass.
Skjermdump fra Flightradar24 / NTB
Dei siste to vekene er det rapportert om droneobservasjonar ved både danske og norske flyplassar og ved oljeinstallasjonar i Nordsjøen. Kjetil Stormark er frilansjournalist og forfattar og har dei siste åra undersøkt og skrive om droneaktiviteten i norsk luftrom. Han er også offentleg godkjent droneoperatør og dronepilot.
– Er det større droneaktivitet i norsk luftrom no enn før, eller er det fyrst og fremst mediemerksemda om denne aktiviteten som har eskalert?
– Det er vanskeleg å seie. Eg har ikkje sett ny, jamførbar statistikk om talet på droneobservasjonar, og det er også vanskeleg å jamføre fordi det er store mørketal. Så eg veit ikkje.
– Luftfartstilsynet registrerte 503 dronehendingar på norske flyplassar i 2024, ifølgje Aftenposten. Kva tilseier at det også er store mørketal?
– Her vil eg peike på det smått utrulege i at Noreg i 2025 ikkje har skaffa teknologi som med visse kan avklare om det som vert observert i nærleiken av dei største flyplassane og militære basane i landet, faktisk er dronar eller ikkje. Så det er den eine grunnen. Samstundes veit norske styresmakter truleg meir enn dei vil seie. Gardermoen har hatt dronedeteksjonssystem sidan mars/april 2022, men Avinor har ikkje ønskt å seie offentleg kva det fanga opp då bakkepersonale observerte dronar på Gardermoen førre veke. Så her er det også nokon som ikkje vil fortelje. Om det er sjølvvalt, eller om dei har fått munnkorg, er vanskeleg å seie.
– Danske styresmakter har vore opne om droneobservasjonane i eige luftrom dei siste vekene. Kan det vere grunnen til at vi no høyrer om fleire droneobservasjonar i norsk luftrom?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.