«Drikke tobakk»Tobakk er eit dårande produkt, og historia om tobakk er like dårande. Vi veit at tobakken kom til Europa på 1500-talet og tok kontinentet med storm. Det neste hundreåret spreidde den nye planten seg som eld i tørt gras i alle sosiale lag. Om
Tobakk er eit dårande produkt, og historia om tobakk er like dårande. Vi veit at tobakken kom til Europa på 1500-talet og tok kontinentet med storm. Det neste hundreåret spreidde den nye planten seg som eld i tørt gras i alle sosiale lag. Om den høgare klassen tykte røyk i kritpipe vart for «harry», tok dei heller i bruk snus.
I historiske framstillingar blir planten nicotiana tabacum – som europearar kalla voksteren, etter den franske ambassadøren i Portugal, Jean Nicot – presentert som noko heilt nytt, og rusen han gav, som prov på den medisinske vedunderkrafta i planten. Vi høyrer òg at det er fyrst i moderne tid dei alvorlege helseskadane ved tobakksrøyking vart oppdaga.
Men eit djupdykk i soga provar at denne historiske framstillinga er feil. Medisinarar på 1500- og 1600-talet hadde alt eit finmaska medisinsk apparat, og nye produkt frå områda dei kalla Vest- og Austindia, vart innlema i det. Dei hadde eit komplisert system nedarva frå autoritetar i antikken, som den gresk-romerske lækjaren Galenos, til disposisjon. Og verknadene som nicotiana tabacum gav, kjende dei straks att: Tobakk var ein ny type «vin», han gav drukkenskap.
Å røykje tobakk, eller «drikke tobakk», som lærde i renessansen sa, gjorde folk «fulle», og det gjekk ut over samfunnsmoralen, åtvara nederlendaren Daniel Souterius. I den dansk-norske hovudstaden København sat den lærde Simon Paulli og las om nederlendarar som var kritiske til tobakk. Sant nok fanst det lækjarar som lovpriste nikotin: Det kan kurere 36 helseproblem, skreiv spanjolen Nicolas Monardes. Men kritikarane åtvara ikkje berre mot samfunnsfarar ved tobakkdrukkenskap; tobakken fylte hjernen og lungene med sjukdomsframkallande sot.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.