Natur
Draumen om det tapte paradiset
I hundreår har mennesket tamt og endra naturen. No ønskjer mange å tilbakeføre ei villmark som er tapt.
Det skotske høglandet kan vere vakkert, men miljøvernarar kallar regionen ein økologisk skugge av det han ein gong var. Her frå nordsida av Loch Tay.
Foto: Michal Klajban / Wikimedia Commons
Er du ein av dei over 40 millionane som har sett den fire minutt lange YouTube-videoen frå 2014 om korleis ulvar kan endre elver? Videoen tek til med ulvar som ular med auga retta mot himmelen. Røysta til naturaktivist og -skribent George Monbiot leier oss frå det eine forførande biletet til det andre, alle naturfoto og -videoar frå verdas eldste nasjonalpark, Yellowstone i USA. Vi får høyre at ulvane som vart sette ut i Yellowstone i 1995, har stått for ein trofisk kaskade, ein økologisk prosess som startar på toppen av matkjeda og dryp ned på alle nivå, heilt ned til botnen.
Det byrja med at ulvane jakta på hjortedyra, som det var altfor mange av. Hjortane vandra til nye stader for å unngå rovdyra, noko som gav tre og vekstar høve til å gro og spreie seg. Så kom fuglane. Det vart fleire beverar, som omorganiserte dammane og gav rom for liv til fisk og amfibium. Ulvane tok coyotar, noko som førte til meir hare, som igjen gav meir rev, røyskatt, ørn og grevling, ja, til og med bjørn. Og til slutt, sjølve underet, som eit resultat av ulven endra sjølve landskapet seg. Ein sunnare natur gav mindre erosjon og meir stabile elver.
Det er fleire år sidan forskarar peikte på at historia om økosystemet i Yellowstone er meir kompleks enn det den populære videoen vitnar om, og at ulven, sjølv om han har medverka, ikkje kan få all æra for korleis naturen i Yellowstone har endra seg frå 90-åra fram til i dag.
Like fullt held historia om ulvane i Yellowstone fram med å inspirere folk som vil reparere økosystema i naturen, hente attende ville dyr som er utrydda, og la naturen styre seg sjølv, kort sagt drive med det som med eit trendy omgrep vert kalla rewilding, «gjenvilling».
Eigarar og vernarar
At naturforvaltninga set ut dyreartar og vernar økosystem, er ikkje nytt i seg sjølv. I Noreg har vi moskus på Dovre, sett ut frå Grønland, først i 1931 og deretter i åra etter den andre verdskrigen. Fjellreven har for tida ein avlsstasjon på Oppdal, der mellom 40 og 60 kvalpar vert avla fram for utsetjing kvart år. Gaupe har vorte sett ut fleire stader i Europa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.