JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Draugen på do

Saka om «jentetrenden» med å late springvatnet renne på offentlege toalett har utløyst ein nasjonal debatt om dovanar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eg har forstått at draugen ikkje finst på det djupe, ville havet lenger.

Illustrasjon: Theodor Kittelsen

2964
20180921
2964
20180921

Utanfor fellestoalettet på den gamle barneskulen min har det danna seg ein ørliten kø.

Så går nøkkelen rundt i døra, det raude feltet i låsen vert kvitt og ei klasseveninne av meg kjem gåande ut.

– Vart du teken av dodraugen, eller?

Klasseveninna slår blikket ned i linoleumen og vert raud i kinna. Medeleven som har slengt ut kommentaren, ler, og to andre smiler nervøst. Den neste jenta i køen slår på vatnet i vasken først. Ho stengjer av springen når ho går.

Men det gjer ein ikkje i 2018. I Kvinnherad har eit kjøpesenter fått vasskadar. Senterleiaren meiner det er fordi unge jenter laét kranene renne når dei vitjar toalettet. Dei vil døyve lydane frå både seg sjølv og andre. Sjølv om vasskadane på kjøpesenteret truleg er slagmarka etter ein vasskrig, og ikkje tissetrengde jenter, har fleire stadfesta at «dotrenden» stemmer. Ei 17 år gammal jente seier at dette er noko «alle» jenter gjer. Dei er livredde for å verte høyrde og opnar kranene automatisk. Til slutt fløymer det over. Førre fredag stod underetasjen på senteret i to centimeter med vatn, seier senterleiaren til NRK. Sjølv om lufttørkaren stod på i fleire dagar, stod ikkje golvet til å redde.

– Gutar er òg redde for å gå på do, skriv rikskringkastaren seinare den same veka.

Og i den siste saka frå NRK har senterleiaren bestemt seg for å installere høgtalarar med musikk for å hindre flaum og potensielle millionskadar i framtida.

Så: Har jaget etter perfeksjon gått så langt at alle naturlege og udelikate lydar og lukter eit menneske lagar, må sensurerast bort? Held det ikkje at klinikkar no tilbyr studentrabatt på leppeinjeksjonar og plastisk kirurgi til misnøgde unge kvinner; skal vi attåt late som vi ikkje har kroppslege funksjonar? Og når teknologien tek over og naturnært og fysisk arbeid vert fjernare og fjernare, er frykta for det naturlege ein konsekvens?

– Eg trur ikkje dette er noko berre unge jenter gjer. (...) Til samanlikning vert det rekna som uhøfleg å rape ved matbordet, og pinleg viss magen rumlar midt i eit møte, seier dokter Wasim Zahid, som òg set på springen på do, til NRK.

Men «pinleg» har plutseleg fått vekse seg til «livredd» og har gjeve kjøpesenterleiaren i Kvinnherad ei rekning på tusenvis av kroner i vasskadar.

Etter å ha vakse opp med dodraugkommentaren jamleg, skjønar eg at draugen ikkje finst på det djupe, ville havet lenger. Han står utanfor båsen på velhaldne offentlege toalett og høyrer på deg. Han er litt som Sulten; den lubne, lilla svensken i Tine-reklamen. I staden for at han gjer deg irritert når du er svolten, gjer han deg skamfull og redd når du er tissetrengd. Og han er så skremmande at ein anten reint gløymer å stengje av vatnet, eller lèt det stå og renne av omsyn til dei som framleis sit innelåste på båsen ved sida av.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Pinleg» har plutseleg fått vekse seg til
«livredd».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis