Drama i fire aktar
Etterretningssjef Hans-Georg Maaßen var nær ved å utløysa regjeringskrise i Tyskland i haust. Han overlevde som toppembetsmann – heilt til eit hemmeleg talemanus blei offentleggjort denne veka.
Tysklands innanriksminister Horst Seehofer (t.h.) under ei høyring i Forbundsdagen i Berlin 12. september, der han omtalte etterretningssjef Maaßens (t.v.) omdstidde utsegner om Chemnitz-demonstrasjonane som «nyanserte» og «fullstendig overtydande».
Foto: AP Photo/Michael Sohn
Tyskland
sjurhabring@gmail.com
Førre måndag sto den tyske innanriksministeren Horst Seehofer frå det kristendemokratiske partiet CSU framfor pressa. Den godslege bayeren som vanlegvis har eit sørtysk smil om munnen, tala ikkje like fritt som han pleier, men hadde blikket alvorleg festa på manus: «Dette talemanuset inneheld uakseptable formuleringar. På bakgrunn av dette er eit tillitsfullt samarbeid mellom meg og Herr Maaßen ikkje lenger mogleg.»
Club de Berne
Talemanuset Seehofer tala om, var ikkje det han hadde framfor seg på pressekonferansen, men det sjefen for Tysklands føderale etterretningsbyrå Hans-Georg Maaßen hadde lese opp under ein tryggleikskonferanse i Warszawa 18. oktober, same dagen det blei kjent at han skulle sparkast.
Under møtet til Club de Berne, som er eit internasjonalt forum for deling av etterretning mellom etterretningstenestene i EUs medlemsstatar, inkludert Sveits og Noreg, gjekk han til skarpt åtak på regjeringa og det han kalla «falske nyhende i tyske media». Manuset var sjølvsagt ikkje meint for ålmenta. Det var berre tilgjengeleg på det hemmelege intranettet til etterretningsbyrået, og var kome Forbundsdagens kontrollkomité i hende gjennom ein byråmedarbeidar.
Ikkje gangbar
Gravalvoret til Seehofer var skjøneleg, for fram til måndag hadde han alltid forsvart Maaßen. Det var gått prestisje i saka: I maktkampen med Angela Merkel spela Maaßen nemleg ei nøkkelrolle. Men no skjøna Seehofer at Maaßen ikkje lenger var politisk gangbar, og suspenderte han frå alle verv i innanriksdepartementet.
Dette markerte slutten på eit uvanleg politisk drama i fire aktar i tysk politikk, som var nære på å utløysa regjeringskrise. Korleis skal me skildra det? Lat oss gå gjennom dramaet, akt for akt.
Akt 1
Det byrja tidleg i september. Ein 35 år gamal tyskar var blitt drepen i Chemnitz i Sachsen, og tre asylsøkarar – to irakarar og éin syrar – blei etterforska for drapet. Dette utløyste store demonstrasjonar. I media verserte rykte om høgreradikal «hetsjakt» og «pogromar» på tilfeldige menneske av utanlandsk opphav, mellom anna blei det publisert ein videosnutt som ein meinte synte åtak på innvandrarar – på open gate. Også Merkel nytta omgrepet «hetsjakt» om hendingane. (Omgrepet skriv seg frå jaktterminologien. Ei «hetsjakt» eller «utmattingsjakt» går ut på å forfylgja eit bytte til det har kava seg heilt ut; den tradisjonelle engelske revejakta er eit døme på denne jaktforma).
Maaßen ytra seg derimot tvilande til om videoen var ekte; han mistenkte at videoen var ein konkret freistnad på desinformasjon «for å avleia merksemda til ålmenta frå drapet». I Tysklands største dagsavis Bild-Zeitung slo han fast at «det heilt klart ikkje fanst nokon mobb, noko hetsjakt eller pogromar av noko slag». Trass i krass kritikk forsvarte innanriksminister Seehofer Maaßen: Maaßen hadde argumentert «nyansert» og «fullstendig overtydande», medan Merkel «burde orientera seg etter realitetane i saka».
Akt 2
18. september er det krisemøte i kanslarbygningen i Berlin. Toppane i dei tre regjeringspartia, Merkel frå CDU, Seehofer frå CSU og Andrea Nahles frå det sosialdemokratiske SPD forhandlar om Maaßens framtid. Seehofer motset seg at han blir sparka frå innanriksdepartementet, som etterretningsbyrået er underlagt, og eit fyrste kompromiss blir inngått etter regelen: «Den du ikkje kan sparka ut, lyt du sparka oppover.» For å fjerna Maaßen frå etterretningsbyrået, blir han forfremja til statssekretær i innanriksdepartementet.
Akt 3
Forfremjinga utløyser stor misnøye i SPD, som trugar med å trekkja seg frå storkoalisjonen og utløysa regjeringskrise. Sjølv om han framleis forsvarar Maaßen, lyt Seehofer føya seg – for å berga regjeringa: Maaßen blir ikkje statssekretær likevel, men må nøya seg med ei spesialrådgjevarstilling i innanriksdepartementet. For å blidgjera SPD uttrykkjer Merkel anger over forfremjingsplanane og hevdar at «det heile var svært beklageleg».
Men opposisjonen let seg ikkje blidgjera; den leiande grøne forbundsdagsrepresentanten Katrin Göring-Eckardt hevdar at Maaßen «lyg for parlamentet, driv coaching for Alternative für Deutschland (AfD) og spreier høgreekstreme konspirasjonsteoriar».
Akt 4
Med Maaßen omplassert som spesialrådgjevar såg det ut som om dramaet var til endes – at den for tysk politikk så typiske kompromissånda hadde lagt saka daud, i alle fall i regjeringssamanheng. Men på måndag kom altså avsløringa som tvinga Seehofer – med mindre han ynskte ei ny regjeringskrise – til å gje opp den brysame protesjeen for godt: Maaßens hemmelege talemanus frå Warszawa.
Kva for nye opplysningar inneheldt manuset? Hovudgrunnen til at Seehofer greidde å halda på Maaßen så lenge, var at han fekk han til å mildna dei kontroversielle utsegnene sine om hendingane i Chemnitz. Men talemanuset syner at Maaßen aldri angra seg. Ja, åtaket hans på regjeringa og tyske media er her skarpare enn nokosinne. Lat oss i det fylgjande samanfatta innhaldet.
«Normale borgarar»
Sjølv om «der òg var høgreradikale med» i Chemnitz etter drapet til asylsøkjarane, hevdar Maaßen at det fyrst og fremst var «normale borgarar som demonstrerte mot regjeringas flyktningpolitikk» i gatene. I dagane som fylgde hadde riksmedia og politikarane mist interessa for sjølve drapet; dei interesserte seg berre for det dei kalla «høgreradikale hetsjakter på utlendingar», hevdar han.
Ifylgje «lokalt politi, lokalpressa, påtalemakta, Sachsens regjeringssjef og mine eigne medarbeidarar fann hetsjaktene aldri stad; dei var ei fri oppfinning». Og vidare: «Eg har opplevd mykje tysk mediemanipulasjon og russisk desinformasjon. Men at politikarar og media finn opp «hetsjakter», eller i det minste ukritisk leiar vidare slik feilinformasjon, er falsk nyhenderapportering på eit nytt nivå i Tyskland.»
Angst for sanninga
I talen gjer Maaßen det klart at han ikkje kan tola at kampen mot høgreekstremisme blir ført ved å dikta opp høgreekstremistiske brotsverk. Då han gjekk i rette med media og politikarar, kjende dei seg avslørte og truga, seier han. Difor kravde dei avgangen hans som etterretningssjef. Og: «Venstreradikale krefter i SPD, slike som alt i utgangspunktet mislikar at partiet deira sit i regjering med CDU og CSU, såg sitt snitt til å nytta min person for å framprovosera brot i regjeringssamarbeidet. I Tyskland er eg kjend som kritikar av den idealistiske, naive og venstrepolitiske utlendings- og tryggleikspolitikken i landet. Dette var eit godt høve for politiske motstandarar og enkelte pressemedium til å få meg fjerna frå embetet.» Maaßen vedgår òg at han aldri hadde trudd at «angsten for meg og for sanninga er så stor i einskilde deler av politikken og media, at det kunne utløysa ei regjeringskrise i Tyskland.»
Vegen vidare
Maaßen er no tvinga ut i førtidspensjon, berre er 55 år gamal. Kva skal han ta seg til? I talen seier han at han kunne tenkja seg eit liv utanfor statstenesta, til dømes i politikken. Det utløyste spekulasjonar. I Merkels CDU, der han er medlem, er han neppe ynskt. Det måtte då bli i det høgrepopulistiske AfD, slo politiske kommentatorar fast. I eit lengre intervju i den offentlege fjernsynskanalen ARD i førgårs ynskte AfD-leiar Jörg Meuthen han velkomen hjå dei.
Desse spekulasjonane sette Maaßen ein stoppar for i går, då han uttalte til avisa Die Zeit: «Eg har vore CDU-medlem i 30 år. Det kjem eg til å halda fram med.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Venstreradikale krefter i SPD ville nytta meg for å sprengja den storkoalisjonen med CDU og CSU som dei alt i utgangspunktet er motstandarar av.»
Hans-Georg Maaßen
Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.