Drakar for vaksne

Jon Snow kjem aldri på jerntrona, forsikrar filmforskar Rikke Schubart.

Daenerys Targaryen (Emilia Clarke), Jon Snow (Kit Harington) og to drakar i eit pressebilete frå den åttande og siste sesongen av Game of Thrones.
Daenerys Targaryen (Emilia Clarke), Jon Snow (Kit Harington) og to drakar i eit pressebilete frå den åttande og siste sesongen av Game of Thrones.
Publisert

15. april byrjar åttande og siste sesong av Game of Thrones, verdas mest sette tv-serie dei siste åra. Rikke Schubart er filmforskar og forfattar, og medredaktør av Women of Ice and Fire, ein antologi om kvinnefigurar i serien.

– Kva har denne serien betydd for deg, som forskar og menneske?

– Denne serien fekk det til å gå opp for meg at fantasy ikkje berre var for unge og barn. Eg hadde lese Tolkien som ungdom. Men Ringenes herre var for dei unge, noko ein forlét. Game of Thrones viste at fantasy også kunne vere for vaksne. Eg tykte det var strålande. Det var kvinnelege hovudpersonar som slost med sverd, drakar som det var meininga at vi skulle ta alvorleg, og komplekse karakterar som det var interessant å identifisere seg med.

– Serien var sjokkerande for mange i starten, fordi han viste mykje sex og rå brutalitet. Korleis har GOT endra seriesjangeren og tv-publikummet?

– Kanskje ikkje så mykje, trur eg. Serien er laga av HBO, og dei har som profil å vere provoserande, med vald og sex. Det som får GOT til å skilje seg ut, er ikkje desse elementa, men at dette er ein fantasyserie for vaksne. Og i fantasysjangeren er vi dessutan vande med at personane anten er gode eller onde. Tolkien var prega av kristen tru, og i universet hans er figurane anten eller. Slik er det ikkje i Game of Thrones.

– Dei første åra fekk serien mykje kritikk for framstillinga si av kvinner. Samtidig er det ingen mangel på sterke kvinnefigurar i GOT?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement