JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Drakar for vaksne

Jon Snow kjem aldri på jerntrona, forsikrar filmforskar Rikke Schubart.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Daenerys Targaryen (Emilia Clarke), Jon Snow (Kit Harington) og to drakar i eit pressebilete frå den åttande og siste sesongen av Game of Thrones.

Foto: HBO

4684
20190412

Samtalen

Rikke Schubart

Lektor ved Syddansk universitet

Aktuell:

Siste sesong av
Game of Thrones

4684
20190412

Samtalen

Rikke Schubart

Lektor ved Syddansk universitet

Aktuell:

Siste sesong av
Game of Thrones

peranders@dagogtid.no

15. april byrjar åttande og siste sesong av Game of Thrones, verdas mest sette tv-serie dei siste åra. Rikke Schubart er filmforskar og forfattar, og medredaktør av Women of Ice and Fire, ein antologi om kvinnefigurar i serien.

– Kva har denne serien betydd for deg, som forskar og menneske?

– Denne serien fekk det til å gå opp for meg at fantasy ikkje berre var for unge og barn. Eg hadde lese Tolkien som ungdom. Men Ringenes herre var for dei unge, noko ein forlét. Game of Thrones viste at fantasy også kunne vere for vaksne. Eg tykte det var strålande. Det var kvinnelege hovudpersonar som slost med sverd, drakar som det var meininga at vi skulle ta alvorleg, og komplekse karakterar som det var interessant å identifisere seg med.

– Serien var sjokkerande for mange i starten, fordi han viste mykje sex og rå brutalitet. Korleis har GOT endra seriesjangeren og tv-publikummet?

– Kanskje ikkje så mykje, trur eg. Serien er laga av HBO, og dei har som profil å vere provoserande, med vald og sex. Det som får GOT til å skilje seg ut, er ikkje desse elementa, men at dette er ein fantasyserie for vaksne. Og i fantasysjangeren er vi dessutan vande med at personane anten er gode eller onde. Tolkien var prega av kristen tru, og i universet hans er figurane anten eller. Slik er det ikkje i Game of Thrones.

– Dei første åra fekk serien mykje kritikk for framstillinga si av kvinner. Samtidig er det ingen mangel på sterke kvinnefigurar i GOT?

– Eg kunne godt skjøne den kritikken som kom, for mykje av framstillinga av kvinner var problematisk. Men samtidig hadde serien så mange interessante kvinnelege karakterar at det vog opp for det negative. Og eg kan mykje lettare like ein serie som er spennande og har problematiske sider, enn ein serie som er halvkeisam og politisk korrekt. Eg likar Dirty Harry-filmane òg, sjølv om hovudpersonen er ein brutal vigilante.

– Når ein så mørk og dyster serie som denne blir så populær – fortel det noko om vår eiga samtid?

– Vi er i ei tid med mange antiheltar i tv-fiksjon, hovudpersonar med både gode og dårlege eigenskapar. Som i Sopranos har GOT komplekse hovudpersonar, og vi kan forstå og leve oss inn i motiva til også dei vonde i serien. Det gjer dei meir interessante. Og vi lever etter fallet til Muren og oppløysinga til Sovjetunionen. Skilja mellom aust og vest ikkje er så klare lenger, og vi lever i ei globalisert verd som er meir kompleks enn før.

Game of Thrones kan òg vere ei soge for ei desillusjonert tid, der knapt nokon er heilt god og der ingen er trygg?

– Eg vil heller kalle serien postromantisk enn desillusjonert. Antiheltane i Game of Thrones drøymer enno om romantikk og dei gode, gamle dagar, men dei veit at det ikkje er nokon veg attende. Det er ikkje ein kynisk serie, men ein postromantisk.

GOT har iblant eit slags klasseperspektiv, men det er mørkt: Når dei undertrykte får makt, blir også dei brutale?

– Ja, fordi makt korrumperer. Når dei svake vinn makt, fører det berre til nye former for ufridom.

– Serien har ofte overraska ved å bryte Hollywood-reglane. Plutselig døyr helter som vi trudde var uunnverlege?

– Men dette er ikkje noko brot med rammene til HBO, fordi denne produsenten har gjort det til sin eigen regel å bryte desse reglane. Grunnideen deira er at på HBO skal kva som helst kunne skje.

– I dette ligg det kanskje ein realisme, trass i drakane. Les du verdshistorie, finn du lite tydeleg moral og mykje vilkårleg brutalitet.

– Eg synest realisme er eit vanskeleg omgrep å bruke. Men det GOT gjer, er å fornye og vri på dei stereotypane vi kjenner. Kva skjer når den vakre prinsessa får makt og faktisk skal regjere? Stereotypane blir kasta ut i nye forteljingar der vi ikkje lenger veit kva som vil skje, der vi ikkje kjenner spelereglane.

– Om nokre veker er heile soga over. Kven trur du sit på jerntrona til slutt, om nokon gjer det i det heile?

– Å, det er eit vanskeleg spørsmål. Ein kunne førestille seg ein outsider som Tyrion der. Daenerys med drakane sine, det er for opplagt. Cersei er ein kynisk spelar, men eg trur ikkje det blir ho. Sansa har hatt ei interessant utvikling, frå romantisk prinsesse til pragmatisk leiar, men det blir neppe ho heller. Og Jon Snow er ein irriterande figur. Om han kom på trona, ville alt bryte saman. Du kan aldri ha tillit til han som leiar. Men Tyrion – har er ein fin postromantikar. Han er litt kynisk, men han vil det gode og har hjartet på rette staden.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Jon Snow er

ein irriterande

figur.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis