Dommarrobotane kjem

Robotar vil kunne revolusjonere både offentleg forvaltning og rettsvesenet i Noreg. Men det finst klare avgrensingar for kva ein dommarrobot kan gjere, meiner Jørn Øyrehagen Sunde.

Domarroboten er ein gamal (mar)draum. Her er ein dampdriven modell som Charles Dickens-illustratøren Robert Seymour såg føre seg tidleg på 1800-talet – «The March of Intellect».
Domarroboten er ein gamal (mar)draum. Her er ein dampdriven modell som Charles Dickens-illustratøren Robert Seymour såg føre seg tidleg på 1800-talet – «The March of Intellect».
Publisert

Skal vi la robotar kunne dømma i norske rettssalar? Ja, seier professor i juss Jørn Øyrehagen Sunde. Han meiner at robotar vil kunne ta eit par tusen enkle saker i året.

– Men det er ikkje problemfritt å sleppe den kunstige intelligensen inn i rettsvesenet. Vi vil kunne nytte robotar i langt fleire saker enn vi bør.

På Christiekonferansen i Bergen nyleg streka han under at datateknologi og digitalisering alt i dag har endra jussen ved å gjere rettskjeldene meir tilgjengelege. Men enno står mykje att, seier juristen.

– Kva digitaliseringa som alt er gjort, har å seie, kan enkelt illustrerast med sambuarskap. Dette er regulert gjennom over 50 lover og litt over 760 forskrifter. Utan digitalisering ville du ikkje kunne halde oversikta. Den regelkåtskapen vi ser i samfunnet vårt i dag, er delvis eit produkt av kva teknologien gjer mogleg.

Men dei digitalt utvikla rettskjeldene tek slett ikkje ut heile potensialet. Om du i dag slår opp ein høgsterettsdom, finn du dommen og lenkjer til alle lovreglane dommen bruker. I framtida må det vere råd å få opp lenkjer til alle seinare dommar som viser til denne høgsterettsdommen. Så kan du få opp seinare dommar der det berre er vist til dommen, andre der han er nytta som støtteargument og forklart og diskutert.

– Men korleis skal robotar kunne dømme i saker når vi veit kor ulikt lovene ofte blir tolka?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement