Dødelege biverknader

I fattige land kan kampen mot koronaviruset kome til å koste fleire liv enn pandemien.

Eit barn får meslingvaksine i Mongasa-provinsen nord i Kongo 3. mars i år. Langt frå alle barn i Kongo er like heldige. Den største meslingepidemien i verda er for tida i Kongo og har teke over seks tusen liv sidan 2018. No har vaksineprogrammet i Kongo nesten stogga opp på grunn av koronapandemien.
Eit barn får meslingvaksine i Mongasa-provinsen nord i Kongo 3. mars i år. Langt frå alle barn i Kongo er like heldige. Den største meslingepidemien i verda er for tida i Kongo og har teke over seks tusen liv sidan 2018. No har vaksineprogrammet i Kongo nesten stogga opp på grunn av koronapandemien.
Publisert

I rike delar av verda har covid-19-pandemien kome som eit sjokk, for dødelege epidemiar har kjenst som noko frå ei fjern fortid. Folk i Europa, Nord-Amerika og velståande land i Asia døyr av hjarte- og karsjukdomar eller kreft, og smittsame sjukdomar har ikkje vore eit stort trugsmål på lenge. Når ein ukjend epidemi som covid-19 tek titusentals liv på kort tid i mange rike land, er det ikkje så rart at kolossale ressursar blir mobiliserte i kampen mot koronaviruset – sjølv om dødsraten til sjukdomen må kallast låg.

I fattige delar av verda er det derimot ei rekkje velkjende smittsame sjukdomar som til saman tek millionar av liv årleg. Og ulikt covid-19 kan dei aller fleste av desse sjukdomane førebyggjast med vaksine, eller dei kan kurerast om ein berre får medisin i tide. No har koronapandemien bremsa eller stogga vaksineringsprogramma i ei rekkje land i tredje verda, og dei globale tiltaka mot covid-19 går på kostnad av livreddande, grunnleggjande helsearbeid i fattige land. Slike biverknader av pandemien kan ende med å ta fleire liv enn koronaviruset. Ikkje minst kan kostnaden i tapte leveår bli stor, sidan mangelen på vaksine gjer barn særleg utsette for mange sjukdomar.

Stygge tal

Det er ikkje lett å talfeste kor omfattande desse vonde biverknadene av koronakampen kan bli, men det er gjort nokre forsøk. I ein studie publisert i tidsskriftet The Lancet i vår skisserte forskarar ved Johns Hopkins-universitetet ulike scenario for korleis svekte helsetenester og økonomisk nedgang på grunn av pandemien kunne påverke helsa i 118 låg- og mellominntektsland. I verste fall-scenariet deira var resultatet ein million ekstra barnedødsfall.

Ikkje minst er det mangel på vaksine som set mange ungar i fare no. 80 millionar barn under eitt år står i fare for å gå glipp av vaksinane mot meslingar, polio, difteri og andre sjukdomar i år, åtvara Verdshelseorganisasjonen (WHO), Univec og vaksinealliansen Gavi i ei felles pressemelding 22. mai. I minst 68 land har vaksineprogramma for barn blitt alvorleg skipla, og i somme land har vaksineprogramma stogga heilt, heitte det i meldinga.

Tvilsamt råd

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement