JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Diktaturet leikar i snøen

Det er ikkje rart at IOC har eit godt forhold til leiarane i Kina, meiner sportskommentator Andreas Selliaas.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Xi Jinping klappar på storskjerm under opningsseremonien for vinter-OL i Beijing. Applausen hans er for talen til IOC-president Thomas Bach.

Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB

5251
20220218

Samtalen

Andreas Selliaas

redaktør for Idrettspolitikk.no

Aktuell

Kritisk til OL i Kina

5251
20220218

Samtalen

Andreas Selliaas

redaktør for Idrettspolitikk.no

Aktuell

Kritisk til OL i Kina

peranders@dagogtid.no

Vinter-OL går mot slutten, og det kinesiske diktaturet har vist solsida si til verda. Andreas Selliaas har kritisk sportsjournalistikk som spesialdistanse og driv nettstaden Idrettspolitikk.no.

– Har du kost deg med å følgje Vinter-OL i Kina?

– Om eg har kost meg, veit eg ikkje heilt. Men det kan vere både ein fordel og ei ulempe at eg må følgje med på store idrettsarrangement for å kunne skrive om dei.

– Noreg er jo beste nasjon, det er da stas?

– Det er ikkje så overraskande. Noreg er tidenes beste vintersportsnasjon. Og pandemien har truleg ført til at dei mest ressurssterke idrettsnasjonane relativt sett har blitt enda betre.

– Luftfotoa av OL-området utanfor Beijing er litt komiske: snøfrie landskap så langt auget kan sjå, og ein klatt med kunstsnø der leikane går føre seg.

– Ja. På Idrettspolitikk.no bidreg den britiske langrennsløparen Andrew Musgrave som korrespondent. Han har sendt bilete som viser korleis kinesarane prøver å dekkje skråningane med kunstsnø, men lufta er så tørr at snøen fort blæs bort att. Musgrave er ein av dei få utøvarane som tør å publisere eigne bilete frå OL. Mange er livredde for å bli straffa. Ein finsk utøvar som la ut bilete av ein møkkete dass på nettet, fekk streng beskjed om å fjerne det att.

– Fleire utøvarar har snakka om kjensla av å ha munnkorg medan dei er i Kina?

– Der er det to kategoriar: Dei kinesiske utøvarane kan jo bli bortførte om dei seier noko kritisk. Vestlege utøvarar fryktar å bli utsette for ubehag av anna slag om dei seier for mykje. Regelverket til IOC (Den internasjonale olympiske komiteen, red.merk.) seier eigentleg at utøvarar i OL skal ha ytringsfridom, men i Beijing-OL har IOC gått med på at det er kinesisk lov som gjeld. Og det er skuffande at norske idrettsorganisasjonar ikkje har protestert mot dette.

– Toppidrettsfolk lever med streng disiplin og harde treningsregime. Kan dette gjere det lettare for idrettsfolk å underkaste seg krav om lydnad?

– Eg veit ikkje heilt. I Kina og det gamle Aust-Europa har idretten hatt eit totalitært preg fordi han har vore politisk styrt. I Noreg har idretten vore ganske demokratisk, med utøvarar som tek mykje ansvar sjølve. Men dei internasjonale idrettsorganisasjonane har blitt stadig meir autoritære. Det internasjonale fotballforbundet Fifa, som i teorien er demokratisk organisert, har gått i meir autoritær retning. Og IOC har jo aldri vore demokratisk, og har aldri teke noko oppgjer med sitt eige forhold til totalitære regime. I fjor brukte IOC klipp frå propagandafilmen til Leni Riefenstahl frå Berlin-OL i 1936 i reklame. Det er ikkje så rart at IOC-leiinga har blitt gode vener med leiarane i det kinesiske kommunistpartiet.

– Den tidlegare IOC-medlemen Gerhard Heiberg har vore ein ven av Kina lenge. Han seier det var hans forslag at Beijing skulle søkje om å få arrangere vinter-OL?

– Ja, Heiberg har eit spesielt forhold til Kina, med nære band til politbyrået. Det var òg kontaktar han brukte da Noreg inngjekk idrettsavtalen om å trene kinesiske utøvarar i 2017.

–?I 2001 sa Heiberg at eit sommar-OL i Beijing ville bidra til ei demokratisk utvikling i Kina. Effekten lèt vente på seg?

– Mange trudde at Beijing-OL i 2008 skulle få Kina til å opne seg meir. Og eg trur òg at det var eit inntrykk kinesiske styresmakter ønskte å gje verda. Men det vart mange demonstrasjonar mot den internasjonale fakkelstafetten før leikane, mellom anna frå Tibet-aktivistar, og styresmaktene vart nervøse og byrja å stramme til. Eg meiner at Beijing-OL i 2008 vart starten på ei dårleg utvikling for menneskerettar i Kina. Under vinter-OL no gidd ikkje styresmaktene eingong å late som om dei vil bli meir demokratiske.

–?Totalitære statar er best på storslegen koreografi, slik har det vore sidan Berlin-OL i 1936?

– Dei er gode på regi og opningsseremoniar, ja. Men sjølve idrettsarrangementa er ikkje alltid så bra, særleg ikkje i greiner dei ikkje er erfarne med.

– Burde Noreg ha teke ein for det demokratiske laget og søkt om å få arrangere vinter-OL 2022?

– Eg vil seie IOC må ta skulda, med dei mange og store krava dei stilte til arrangørane. Også Tyskland, Sverige og Polen droppa søknadene sine den gongen.

– Kva vil styresmaktene i Kina oppnå med å bruke så mykje pengar på sportsarrangement?

–?I 2008 trur eg kinesarane ville vise at dei var på veg til å bli eit rikt land, og vise at dei opna seg for verda. Denne gongen har nok OL meir indremedisinske føremål. Styresmaktene vil vise befolkninga at dei òg kan arrangere eit vinter-OL. Dei spelar på nasjonalismen og får kommunistpartiet til å sjå bra ut. Og dei kan håpe på at omverda får eit godt inntrykk av Kina.

– Men vi gløymer neppe dei stygge sidene av Kina berre kinesarane lagar eit fint OL?

– Kanskje ikkje. Men når det er OL, blir det ikkje så mykje kritisk dekning. Og når norske utøvarar tek mange gullmedaljar, vil truleg mange hugse Beijing 2022 som noko kult.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Under vinter-OL no gidd ikkje styresmaktene eingong å late som om dei vil bli meir
demokratiske.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis