JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Diktatoren sit i klemma

Aleksandr Lukasjenko ønskjer ikkje å sende den belarusiske hæren inn i Ukraina. Spørsmålet er om han har noko val.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vladimir Putin og Aleksandr Lukasjenko i Sotsji 26. september. Forholdet mellom dei to diktatorane har aldri vore så hjarteleg som dei offisielle bileta tyder på.

Vladimir Putin og Aleksandr Lukasjenko i Sotsji 26. september. Forholdet mellom dei to diktatorane har aldri vore så hjarteleg som dei offisielle bileta tyder på.

Foto: Gavriil Grigorov / Sputnik / Reuters / NTB

Vladimir Putin og Aleksandr Lukasjenko i Sotsji 26. september. Forholdet mellom dei to diktatorane har aldri vore så hjarteleg som dei offisielle bileta tyder på.

Vladimir Putin og Aleksandr Lukasjenko i Sotsji 26. september. Forholdet mellom dei to diktatorane har aldri vore så hjarteleg som dei offisielle bileta tyder på.

Foto: Gavriil Grigorov / Sputnik / Reuters / NTB

7013
20221014

Aleksandr Lukasjenko

President i Belarus sidan 1994

Bakgrunn som direktør for eit kollektivbruk i Sovjetunionen

Har styrt landet stadig meir autokratisk

Etter presidentvalet i 2020 demonstrerte hundretusenvis av belarusarar mot valjuks

Protestane vart brutalt slegne ned

Ifølgje FN er det kring 1300 politiske fangar i Belarus

7013
20221014

Aleksandr Lukasjenko

President i Belarus sidan 1994

Bakgrunn som direktør for eit kollektivbruk i Sovjetunionen

Har styrt landet stadig meir autokratisk

Etter presidentvalet i 2020 demonstrerte hundretusenvis av belarusarar mot valjuks

Protestane vart brutalt slegne ned

Ifølgje FN er det kring 1300 politiske fangar i Belarus

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Belarus

peranders@dagogtid.no

Ukrainarane har gode grunnar til å følgje nøye med langs grensa mot Belarus i nord. I luftline er det berre 80 kilometer frå den grensa til Kyiv. Den lange russiske militærkolonnen som vi hugsar frå satellittbileta i februar, kom frå belarusisk territorium. Men etter at åtaket på hovudstaden vart slege attende i mars, har det ikkje vore kampar på bakken i desse områda. No veks frykta for at russarane ønskjer å opne denne fronten igjen, og mange spekulerer på om president Aleksandr Lukasjenko vil sende den belarusiske hæren inn i krigen på Putins side.

Vi veit kva side den belarusiske diktatoren står på. Da invasjonen tok til, sende Russland mange tusen soldatar inn i Ukraina frå belarusisk jord, russiske kampfly nyttar framleis flyplassar i landet, og russarane har retta mange rakettåtak mot Ukraina frå Belarus. Men Lukasjenko heldt hæren sin heime. No er han kanskje i ferd med å skifte meining.

Nye tonar

Måndag erklærte Lukasjenko at han hadde blitt samd med Putin om å samle ein felles russisk og belarusisk styrke i område nær Ukraina. Han hevda – utan å leggje fram noko prov – at den ukrainske regjeringa planla åtak på Belarus, og åtvara om harde represaliar om ukrainarane «la dei skitne hendene sine» på belarusisk jord. Ukrainske styresmakter blir «pressa av dei vestlege herrane sine til å starte ein krig mot Belarus», hevda Lukasjenko ifølgje det statlege nyhendebyrået.

Om ikkje anna er dette eit retorisk skifte frå diktatoren. I eit intervju med Associated Press i mai var Lukasjenko avmålt i støtta til Russland. Han uttrykte rett nok forståing for det Putin gjorde i Ukraina, men sa òg at han ønskte at krigen snart skulle ta slutt. Og Lukasjenko kalla det som skjedde i Ukraina, ved sitt rette namn: Han snakka om krig, ikkje ein «spesialoperasjon», som leiarane i Kreml insisterte på å kalle invasjonen, og sa at han sjølv kunne vere fredsmeklar. No snakkar han ikkje lenger om fred.

Signala er sjølvsagt fanga opp i Kyiv. På tysdag oppmoda den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj FN om å sende fredsstyrkar til grensa mellom Ukraina og Belarus for å førebyggje provokasjonar som kan gje Lukasjenko eit påskot for å gå inn i krigen.

Lite erfaring

Det er all grunn til å tru at Putin vil ha Belarus med på laget. Etter sju månaders krig er den russiske invasjonshæren sterkt svekt. Tapstala er uvisse, men det er utan tvil snakk om titusenvis av døde eller såra russiske soldatar, pluss eit tusental tapte panservogner og andre militærkøyretøy. Mobiliseringa tek tid, Putin er på vikande front, og treng all hjelp han kan få.

Kor stor skilnad kan det gjere om Belarus blir med i krigen? Dei væpna styrkane til landet tel på papiret kring 50.000 mann. Men dei fleste av desse er vernepliktige soldatar, og i praksis er det truleg berre ein mindre del av hæren som kan vere til særleg hjelp for russarane. Dei paramilitære styrkane til innanriksdepartementet tel på si side over 100.000 mann. Valdsapparatet i Belarus er godt trent i å undertrykkje sitt eige folk, noko styrkane til Lukasjenko har vist seg svært kapable til i mange år. Men å mishandle demonstrantar i gatene er ikkje det same som å kjempe mot ein herda, velutstyrt og sterkt motivert ukrainsk hær.

Dei belarusiske spesialstyrkane kan derimot vere nyttige for Putin. Desse soldatane skal vere langt betre trente og utstyrte enn resten av hæren og tel kring 6000 mann. Men også dei manglar kamperfaring.

Ifølgje International Institute for Strategic Studies er mykje av utstyret til militæret i Belarus frå sovjettida. Belarus skal ha kring 500 fungerande panservogner av russisk merke. Flyvåpenet er nokså lite, og dei fleste kampflya er gamle, men landet rår over ein del nyare, eigenproduserte missilvåpen som også blir nytta av Russland.

Handlingsrom

Kor stor er så faren for at Lukasjenko vil sende sine eigne soldatar inn i krigen? Det avheng ikkje berre av forholdet mellom Russland og Belarus, men òg av den pressa situasjonen diktatoren er i heime. Gjennom dei 28 åra sine ved makta har han vist seg som ein slu taktikar. På eine sida har Russland ønskt å halde Belarus inne i maktsfæren sin og har stødd opp under økonomien med billeg olje og gass. EU-landa har på si side prøvd å trekkje landet ut av skuggen til Russland og lokka med lån og handelsavtalar.

Dette har gjeve Lukasjenko handlingsrom. Når han har kjent seg pressa av Russland, har han løyst litt på grepet, sleppt fri politiske fangar og signalisert at han ville gå i liberal lei. Og når EU har sett press på Lukasjenko og truga med sanksjonar, har han igjen krope tettare inntil Kreml. Men forholdet hans til Putin har aldri vore hjarteleg. Lukasjenko har frykta at Belarus igjen skulle bli underlagt Russland, og heilt fram til 2020 nekta han russarane å lage permanente militærbasar i Belarus. I 2014 kritiserte Lukasjenko til og med den russiske annekteringa av Krym og tok på seg rolla som fredsmeklar i Donbas-konflikten.

I klemme

Etter «presidentvalet» i Belarus for to år sidan var tida omme for dobbeltspelet. Hundretusenvis av belarusarar gjekk ut i gatene og protesterte mot valjukset, og berre med massiv valdsbruk klarte diktatoren å slå ned folket. Han kunne ikkje lenger lure nokon med lovnader om liberalisering. Undertrykkinga av opposisjonen har sidan da vore nær total, og Lukasjenko er prisgjeven russisk støtte for å halde seg ved makta. Det er òg grunn til å tru at Putin har pressa hardt på for å få belarusiske styrkar med i krigen. Dette gjer det desto meir overraskande at Lukasjenko har halde hæren sin heime. Og dette fortel truleg noko om presset han kjenner på heimebane. Deltaking i Ukraina-krigen vil vere ekstremt upopulært, og demonstrasjonane i 2020 viste at også dei tolmodige belarusarane har ei smertegrense. Sjølv om styrkane til Lukasjenko banka folk til lydnad i 2020, er det ikkje gjeve at dei klarer det ein gong til.

Lukasjenko har no ingen attraktive alternativ. Han har openbert ikkje noko ønske om å bli med i krigen, samtidig styrer han på Putins nåde. Også dei som kjenner Belarus svært godt, er i tvil om utfallet. «Putin kan ikkje tvinge Lukasjenko til å gjere politisk sjølvmord», sa den belarusiske analytikaren Artyom Sjrajbman ved Carnegie-stiftinga til The Guardian onsdag. Andrej Sannikov, som var viseutanriksminister under Lukasjenko før han gjekk over til opposisjonen og vart tvinga i eksil, er på si side pessimist. «Til slutt må Lukasjenko sende soldatane sine inn i Ukraina. Han har ikkje noko eigentleg val», sa Sannikov til The New York Times tysdag.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit
Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit
Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin
Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis