Digitaldokteren
Seks av ti unge har ikkje tid til å gå til dokteren. No vil Forbrukarrådet ha videokonsultasjon inn i fastlegeforskrifta.
Kan venteroma sjå slik ut i framtida?
Illustrasjonsfoto: Esteban Felix / AP / NTB scanpix
Eg står i gangen heime hos mor mi og har nett reist 60 mil for å gå til dokteren. Eg har nett flytta til Oslo og står framleis på venteliste for å få ny fastlækjar.
– Det vert ein dyr avtale, dette. Du skal vel ikkje berre ha ein ny resept, spør mor mi, medan eg stappar skjerfet ned i jakkekragen.
– Nei. Men det er ein ny medisin, og eg får han ikkje utan fysisk møte med lækjaren. Og eg må få sjekka vitaminnivåa mine og stoffskiftet. Og blodtrykket. Og så har eg fleire føflekkar eg vil ha sjekka. Og så er det noko rutinegreier eg har utsett. Og sidan eg er her...
Eg innser at eg høyrest ut som ein kandidat til hypokonderklinikken.
Mor mi ser på meg.
– Har du spara opp lenge?
Førre helg melde NRK at Forbrukarrådet vil tilrå videokonsultasjon med fastlækjaren. Seks av ti unge nordmenn lèt nemleg vere å gå til dokteren fordi det tek for lang tid, ifølgje ei ny undersøking.
– Det er urovekkjande, for då oppdagar ein kanskje ikkje sjukdom på eit tidleg tidspunkt, seier fagdirektør i Forbrukarrådet, Anne Kristin Vie.
Undersøkinga viser òg at fire av ti ville ha ordna seg time hjå dokteren dersom dei kunne få han som videosamtale.
Men er det berre å utstyre lækjarane med eit mobilkamera og trykkje på knappen? Dokteren kan jo ikkje ta blodprøver per telefon, tenkjer eg. Og er det verkeleg så tidkrevjande for den jamne nordmann å gå til lækjaren? Eg reknar i mitt stille sinn med at 60 mils reiseveg ikkje er heilt vanleg.
I november i 2018 melde tidsskriftet Kapital på nett at titusenvis alt tek doktertimen på mobilen. Nye digitale helsetenester som Eyr og Kry gjer at tilsette kan få både sjukemelding og antibiotika utan fysisk å gå til dokteren.
– Vi vil auke omsetjinga med om lag 1000 prosent frå fjoråret, sa dagleg leiar og Eyr-gründer Karl Martin Lind til nettstaden.
Fastlækjar Jørgen Skavlan trur den aukande interessa for digitale helsetenester kan vere ein konsekvens av at fastlækjarordninga er i krise.
– Resept på antibiotika og sjukemelding bør ein ikkje gje utan fysisk frammøte hjå dokteren. Det strir mot formaninga om disiplin frå styremakta, vil truleg auke antibiotikabruken og leggje lista lågare for sjukemelding, sa Skavlan.
Men kan ikkje ei digital løysing for enkelte pasientar, som ikkje treng antibiotika eller sjukemelding, avlaste dokterane, tenkjer eg. Leiar for allmennlegeforeininga, Tom Ole Øren meiner nemleg at kjende medisinske problemstillingar som ikkje krev undersøkingar, kan eigne seg for videokonsultasjonar. Han har jamvel større tru på den nære og gode samtalen. Medan eg sit på venteromet og putrar som ein vasskokar, syner samtalen seg korkje nær eller særskilt god. Men eg bit det i meg og lurer på om det er lenge til ein kan opererast via Skype.
Mone Celin skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Er vi komne dit at dokteren kan ta blodprøver per telefon?
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.