Digital kunst i vekst
I fjor vart det selt kryptokunst for 41 milliardar dollar. Kostnadene knytte til eigarskapsbevis for digitale samleobjekt er enorme.
Dei digitale apebileta i NFT-serien «Bored Ape Yacht Club» har selt for over 1 milliard dollar.
Foto: Shutterstock
Året 2021 vart året då digital kunst fekk det store gjennombrotet. Smak berre på dette: Kunstnaren Beeple selde ein digital kollasj for over 600 millionar kroner – like mykje som Munchs «Skrik» vart selt for i 2012. Ein serie apebilete har selt for over 1 milliard dollar. Det er mykje pengar, spesielt for noko som berre eksisterer på nettet.
Fram til no har ein slite med å verdsetje samleobjekt i den digitale verda. Som dei fleste veit, krevst det ikkje mykje meir enn eit googlesøk og eit høgreklikk for å lagre eit bilete på nettet. Digitale kopiar finst av dei fleste kunstverk.
Jacob Mørch er digital entreprenør og seier verdsetjing av digital kunst lenge har vore eit uløyst problem.
– Ein kan jo skrive ut eit bilete og hengje det på veggen. Slik har det òg vore med digital kunst fram til no. Mange har laga digital kunst, men det har ikkje vore så mange gode måtar å kommersialisere og tene pengar på den same kunsten på.
Såkalla NFT-ar har revolusjonert den digitale eigarskapsretten, noko som har gjeve opphav til heilt nye verdigjenstandar fråkopla den analoge verda.
Ein NFT, non-fungible token, er eit slags digitalt eigarskapsbevis. Sjølv om eit digitalt bilete i dei fleste tilfelle er fritt tilgjengeleg på nettet, kan ein ikkje lenger hevde å eige biletet utan bevis. Nett slik ei utskrift av «Skrik» ikkje har nokon verdi utan papiret det er trykt på. Sjølve kunstverket kan vere i alle slags filformat, som bilete, tekst, lyd eller dokumentarfilm. Eller den første tweeten nokosinne. I fjor vart han seld for 26 millionar kroner – sjølv om han er heilt ope tilgjengeleg på internett ved hjelp av eit par tastetrykk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.