JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Digital kunst i vekst

I fjor vart det selt kryptokunst for 41 milliardar dollar. Kostnadene knytte til eigarskapsbevis for digitale samleobjekt er enorme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei digitale apebileta i NFT-serien «Bored Ape Yacht Club» har selt for over 1 milliard dollar.

Foto: Shutterstock

9308
20220211

NFT

Digitalt eigarskapsbevis for digitale samleobjekt.

Baserer seg på blokkjedeteknologi, det same systemet som kryptovalutaer.

Kan i teorien også knytast til fysiske gjenstandar.

Kjelder: Financial Times, The New York Times, The Verge, Digiconomist.net

Digitalkunst

jesper@dagogtid.no

Året 2021 vart året då digital kunst fekk det store gjennombrotet. Smak berre på dette: Kunstnaren Beeple selde ein digital kollasj for over 600 millionar kroner – like mykje som Munchs «Skrik» vart selt for i 2012. Ein serie apebilete har selt for over 1 milliard dollar. Det er mykje pengar, spesielt for noko som berre eksisterer på nettet.

Fram til no har ein slite med å verdsetje samleobjekt i den digitale verda. Som dei fleste veit, krevst det ikkje mykje meir enn eit googlesøk og eit høgreklikk for å lagre eit bilete på nettet. Digitale kopiar finst av dei fleste kunstverk.

Jacob Mørch er digital entreprenør og seier verdsetjing av digital kunst lenge har vore eit uløyst problem.

– Ein kan jo skrive ut eit bilete og hengje det på veggen. Slik har det òg vore med digital kunst fram til no. Mange har laga digital kunst, men det har ikkje vore så mange gode måtar å kommersialisere og tene pengar på den same kunsten på.

Såkalla NFT-ar har revolusjonert den digitale eigarskapsretten, noko som har gjeve opphav til heilt nye verdigjenstandar fråkopla den analoge verda.

Ein NFT, non-fungible token, er eit slags digitalt eigarskapsbevis. Sjølv om eit digitalt bilete i dei fleste tilfelle er fritt tilgjengeleg på nettet, kan ein ikkje lenger hevde å eige biletet utan bevis. Nett slik ei utskrift av «Skrik» ikkje har nokon verdi utan papiret det er trykt på. Sjølve kunstverket kan vere i alle slags filformat, som bilete, tekst, lyd eller dokumentarfilm. Eller den første tweeten nokosinne. I fjor vart han seld for 26 millionar kroner – sjølv om han er heilt ope tilgjengeleg på internett ved hjelp av eit par tastetrykk.

Villvest

Til no har NFT-spekulasjonen stort sett vore av den kuriøse sorten. Og det handlar ikkje berre om kunst. Eit digitalt samlekort av fotballspelaren Erling Haaland vart til dømes nyleg selt for nesten 6 millionar kroner. Berre fantasien set grenser for kva som kan verte ein NFT – marknaden avgjer prisen.

Jacob Mørch har sjølv investert i NFT-ar. Han meiner me no ser ei form for digital revolusjon innan kunstnarisk eigarskap:

– NFT-ar er spekulasjonsobjekt med folkeleg appell, der sjølve den digitale kunsten ofte har vore både lite høgverdig og absurd. Fram til no har det vore villveststemning på marknaden, men det meste er spekulasjon. Så eg ville ikkje ha satsa mykje pengar på denne marknaden no.

Mykje av kunsten grensar kanskje til det absurde, men pengane strøymer inn. Ifølgje Financial Times omsette NFT-ar for 41 milliardar dollar i fjor. Til samanlikning var den globale, tradisjonelle kunstmarknaden verd om lag 50 milliardar dollar.

Straum og grafikkort

Skuggesida ved det heile er ein enormt kraftkrevjande teknologi. NFT-ane vert lagra i den såkalla blokkjeda (sjå sidesak). Utan å gå for mykje inn på detaljane er det eit system der alle brukarane i nettverket kontrollerer kvarandre – noko som medfører høg energibruk. Samtidig aukar det tryggleiken til systemet, seier forskar ved Vestlandsforsking, Svein Ølnes.

– Energirekneskapen er ein del av tryggleiken. For å gjere endringar i blokkjeda må du ha over halvparten av reknekrafta i nettverket. Då treng du ein heil del straum og spesialbygde datamaskinar.

Dei fleste NFT-ane baserer seg på blokkjeda til Ethereum, der betalingsmiddelet er ether, den nest mest verdifulle kryptovalutaen etter bitcoin. Éin enkel transaksjon med ether krev i snitt 266 kWh straum. Det er om lag like mykje som eit gjennomsnittleg norsk hushald brukar på ei lita veke. Og det er berre éin transaksjon. Samla sett brukar Ethereum-blokkjeda like mykje straum som Nederland i året.

Å rekne ut kor stort energiforbruk éin NFT står for, er komplisert. Først må ein «prege» han, altså laste opp til dømes eit bilete på blokkjeda. Så må det ut på auksjon, før nokon kjøper det. I den raske NFT-verda tek det heller ikkje lang tid før det vert selt vidare. Alle desse stega treng både straum og prosessorkraft. Ifølgje ein New York Times-artikkel forureinar berre éin NFT 200 kilo CO2 – om lag det same som å køyre bil mellom Kristiansand og Trondheim.

– Kva nytte har me av denne teknologien, sett i lys av dei høge kostnadene?

– Ein må tenkje på kva betydning dette kan få globalt på sikt, men sjølvsagt er det ei kostnad-nytte-vurdering. Her i Noreg har me så effektive betalingssystem at me kanskje ikkje har bruk for det nett no. Likevel er det eit reelt alternativ til det fullstendig overvaka systemet me har fått etter å ha gitt slepp på fysiske pengar. I tillegg er det ei løysing i land der det ikkje finst nokon eksisterande infrastruktur for digital betaling, seier Ølnes.

– Mange kritiserer at det desentraliserte systemet gjer det enklare å kvitvaske pengar?

– Mottoet til bitcoin er: «Ikkje stol på nokon, sjekk det!» Sjølvsagt er det einfare for lyssky aktivitetar, men det er det i den reelle verda òg. I blokkjedeteknologien kan alle transaksjonar verifiserast av alle.

Kunst?

Kunstmeldar i Dag og Tid, Eva Furseth, meiner kryptokunstfeltet er i rivande utvikling og enno treng tid til å finne forma si.

– Eg prøver å følge med på alle kunstfelt i samtida, og det er alltid spennande når det dukkar opp nye arenaer kunstnarar kan uttrykke seg på. Kunsten har gjennom tidene spegla samfunnet, så det er naturleg at han smyg seg inn i blokkjedeteknologien.

Furseth meiner den særeigne kunstforma og det digitale uttrykket har eit potensial til å uttrykkje noko viktig om vår tid. Likevel har ho så langt til gode å finne døme på det.

– Så langt har eg ikkje sett eksempel på NFT med noko djupare innhald, eller som har imponert med estetiske kvalitetar. Og førebels har media mykje større merksemd på salssummane enn på meiningsinnhaldet. Så eg håper interessa snart vender seg mot andre aspekt enn status og økonomi.

Gruvehistorie

Også norske verksemder har fatta interesse for teknologien. Sparebank 1 har sidan april i fjor hatt eit NFT-prosjekt med utgangspunkt i den uskrivne pengehistoria på Svalbard gåande. Gjennom store delar av 1900-talet utferda nemleg britiske, norske og russiske gruveselskap eigne pengar, både setlar og myntar, som løn til gruvearbeidarane på øya. Desse «desentrale» valutaene har inspirert til NFT-ar i form av digitale Svalbard-myntar for å fortelje Svalbards pengehistorie, fortel direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1, Morten Søberg:

– Svalbard-pengane var pengar med eit eintydig forhold til gruvedrift og -arbeid. Det var gruveselskapa sjølve som utferda pengane, og dei vart brukte i lokalsamfunnet på Svalbard. Korkje sentralbankar eller andre bankar var involverte. Det same er tilfellet med kryptovaluta. I tillegg går det nokre «vindskeive», språklege parallellar mellom desse pengane og blokkjedebaserte kryptovalutaer. Prosjektet vårt handlar om dette og gjer det mogleg for gud og kvarmann å lære meir om blokkjedeteknologi og samstundes teste ut NFT-fenomenet.

– Arbeid og produksjon

Dei språklege parallellane Søberg referer til, er mining, gruveutvinning, og proof of work, arbeidsprov, som er sentrale element i blokkjedeteknologien. Medan pengane på Svalbard var tufta på reelt gruvearbeid, vert kryptovalutaer utferda som resultat av høgteknologisk arbeid i dei digitale gruvene. Det digitale arbeidet går ut på at tallause datamaskinar leitar etter løysinga på kompliserte matematiske problem – det som altså vert kalla mining på kryptospråket.

Søberg meiner at både Svalbard-pengane og ymse kryptovalutaer er ei viktig påminning om at pengar, sjølv om dei no ytrar seg som tal på ymse display, til sjuande og sist speglar ulike former for arbeid og produksjon over forskjellige tidsrom.

– Alle former for pengar må vere ei slags mangelvare for å ha verdi. Vert pengane for talrike, får ein inflasjon og verdifall.

Og her kjem den nye NFT-teknologien inn. NFT-ar er i første rekkje uttrykk for digital eigarskap, som igjen gjev opphav til nye former for eigedelar. Det kan bane veg for nye finansielle tenester med rot i virtuelle verdiar. Som føregangsland nemner Søberg Sveits, der heilt nye digitale bankar alt no både utferdar tokens, fasiliterer handel med dei og aksepterer dei som pant i samband med långjeving.

Likevel åtvarar han mot å satse altfor mykje på NFT-ar.

– På kort sikt ser ein klare indikasjonar på ei boble i marknaden som følgje av flokkmentalitet og spekulasjon. Det mest spennande er eigentleg den underliggjande teknologien, som no får vind i segla og ikkje minst trekkjer til seg mykje hjernekraft og store pengar for tida. Det er visstnok enno for tidleg å meine noko om følgjene av den franske revolusjonen. Det same kan i alle fall seiast om effektane av blokkjedeteknologi generelt og NFT-ar spesielt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det mest spennande er eigentleg den under­liggjande teknologien, som no får vind i segla og ikkje minst trekkjer til seg mykje hjernekraft og store pengar.

Morten Søberg, direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis