Dialektar gjer oss stolte og sinteSvarabhakti er eit av dei mange artige språklege fenomena ein kan leika seg med.

Svarabhakti er eit av dei mange artige språklege fenomena ein kan leika seg med.

Yasmin Syed frå Vinje var programleiar for Dialektriket, NRK-serien som i 2013 såg på tilstanden i dialektriket Noreg.
Yasmin Syed frå Vinje var programleiar for Dialektriket, NRK-serien som i 2013 såg på tilstanden i dialektriket Noreg.
Publisert

Å gjetta på dialekt var ein artig sjanger. Der fekk ein høyra talemål frå ulike stader i landet, og så skulle språkekspertar på fagleg grunnlag stadfesta kvar dei høyrde heime.

I 1980-åra hadde monopolkanalen NRK programserien På dialekten. Det var skikkeleg gamaldags folkeopplysning, eit slags Noreg rundt etter fjøstid. Bygdefolk fekk «eksponer sæ», snakka om dagleglivet og synga viser på dialekt.

I Dialektriket (2013), med Yasmin Syed frå Vinje som programleiar, var sjangeren sjaina opp, mykje kvikkare og med fleire etniske dialektprøvar med kronisk norsk bakgrunn. Serien ville undersøka kvifor dialektar er så viktige som identitetsmarkørar og gjer nordmenn glade og stolte, sinte og såre. I ein teig i vignetten kledde språkdirektør Sylfest Lomheim seg naken og stod opp i dialektmangfaldet.

SLIKE PROGRAM tykte Byråsjefen godt om, for han er hekta på idretten. Det er så alvorleg at han kan falla ut av samtalar og gløyma seg bort når han høyrer føredrag. Han sluttar å lyda på det som blir sagt, men høyrer etter målmerke for å stadfesta den som talar.

Han er med respekt å melda svært god til å ringa inn talemål. Ei ekstra utfordring er det når folk har kledd av seg dialekten, talar bokspråk og knotar med ord og tonefall. Men noko sit enno att, og det jaktar Byråsjefen på.

HER OM DAGEN høyrde han ein talar som var vanskeleg å plassera. Han var svært avslept, men skarra. Og sjølv om dei blaude konsonantane hadde hardna, meinte Byråsjefen at han kunne plasserast i det sørlandske.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement