Di meir maskinane lærer, di mindre kjem vi til å begripeOpplever vi remystifiseringa av verda? Mykje av det som no skjer kring oss, er forvirrande. Rørsler i finansmarknadene, til dømes, verkar stadig meir mystiske.
Opplever vi remystifiseringa av verda? Mykje av det som no skjer kring oss, er forvirrande. Rørsler i finansmarknadene, til dømes, verkar stadig meir mystiske.
«Musio», ein sosial robot med kunstig intelligens, fotografert på gata i Berlin i september 2017.
Foto: Michael Sohn/AP/NTB scanpix
Kvifor selde dei globale aksjemarknadene seg så hardt ned denne månaden, etter å ha brukt nesten eit tiår på å kome seg på beina igjen etter lågpunktet i 2009?
Vi som kallar oss ekspertar på dette, kan fortelje historier om kva som nett hende, men den ekle kjensla av at vi ikkje har peiling, er ikkje til å kome unna. For tretten veker sidan åtvara eg om at «raude finansielle lys» blinka igjen. Var eg framsynt, eller hadde eg berre flaks? Argumentet mitt var at når sentralbankar auka renta og avvikla programma for det som vert kalla «kvantitativ lette», måtte det kome eit press nedover for aksjemarknadene. Av demografiske og andre årsaker meinte eg òg at slutten for det langvarig høge nivået på obligasjonsmarknaden var nær.
Eg liker framleis den historia, ettersom ho er grunna på kjende mønster frå finanshistoria, sjølv om du ikkje ville tent ei krone på å ta omsyn til orda mine. (Det einaste som har hendt, er at etter ein oppgang som toppa seg dei siste par månadene, har marknadene kome attende til det nivået dei var på då eg skreiv spalta mi. Å høyre på meg ville ha spara deg for ein rundtur.)
Men marknadskvervlane dei siste par vekene har lokka fram ei mengd meir eksotiske forklaringar. Kvar korreksjon av aksjemarknaden har sine skurkar, det produktet eller dei folka som alle kan skulde på for tapa dei har lidt. Denne gongen omfatta skurkane finansielle verkty som XIV og store kvantitative hedgefond som nyttar «risk parity»- og «trend following»-strategiar. For folk i middagsselskap som ville sleppe å forklare desse heller kompliserte sakene, var det ein enklare måte å uttrykke seg på: skulda låg hos «maskinane», eller algoritmane.
Ingen tvilar på at datamaskinar spelar ei langt viktigare rolle på finansmarknadene i dag enn nokon gong før. Det verkar rimeleg å gå ut frå at automatiserte transaksjonar forsterkar marknadsrørsler på ulike vis. Likevel er det ingen grunn til å påkalle desse nye innretningane for å forklare at normal finansiell ustabilitet gjentek seg. Slik eg ser det, er det noko overtruisk ved utsegna: «Det var maskinane.»
I storparten av menneskja si historie har overtru vore den dominerande forklaringsmåten. Om avlinga slo feil, var gudane vreide. Om eit barn døydde, var det vonde ånder si skuld. Som Oxford-historikaren Keith Thomas syner i den framifrå boka Religion and the Decline of Magic, la folk i England skulda for ulykker på hekser til langt inn i det 17. hundreåret.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.