Sideblikk

Det vil alltid vera for lite, for seint

Dei som vil ha ære for å normalisera og opna samfunnet, må også ta ansvar for å stenga.

Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum på veg inn til pressekonferansen tysdag kveld.
Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum på veg inn til pressekonferansen tysdag kveld.
Publisert

Det har runne inn med avlysingar, også før regjeringa stramma inn: julebord, julegløgg, julekonsertar, juleselskap, juleoratorium. Slikt er fortærande i mørketida, men eg får også trong til å seia halleluja, for eg slepp å ta koronavala sjølv: Munnbind eller ikkje munnbind, gjester eller ikkje gjester, det har vore spørsmålet.

Eg har tillit til at helsestyresmaktene veit vårt beste. Men eg har vore skeptisk til byregjeringssjef Raymond og stats- og helseministeren som oppmoda om å pusta med is i magen, men passa på lungene. Dei ville ha oss til å gå på julebord – av omsyn til vår eiga juleglede og i solidaritet med dei som arbeider på bar og scene og kjøpesenter. Nå er det utvida til løfte om kompangsjon til handelsstanden og serveringsbransjen.

Personleg har eg vore sivilt ulydig og droppa meir enn det tilrådde, for sjølv om eg har funne fram det symbolske munnbindet og er så fullt vaksinert som det går an, har uroa sett seg fast på ny og mana til varsemd og fleksible billettar.

DAG OG TID er «en smal nynorsk kulturavis» som Dagbladet oppmodar søkarar til stillinga som politisk journalist om å la vera å lesa. Også denne smale vekeavisa, som snart har like stort papiropplag som Dagbladet, har avlyst juletrefesten, sjølv om alle skulle hurtigtestast og det ikkje skulle vera allsong av Ivar Aasens «Nordmannen» – utan dei apokryfe versa som finst mellom bakkar og berg.

Det er ekstra leitt med redusert sosial kontakt for oss lausarbeidarar som sit immobile på heimekontora og har endå mindre fysisk nærkontakt med bladstova enn vanleg.

Men før omikron kom til landet, fann Spaltisten og Hjelpeskrivarane, som har fått 3x3 dosar, eit høve til å smaka på juleølet – sitjande, etter forskriftene. Det var «forholdsmessig» oppfriskande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement