Det venstrepopulistiske manifestEin politisk merkelapp kan bytt side, men innhaldet har likevel felles grunndrag.
Ein politisk merkelapp kan byta side, men innhaldet har likevel felles grunndrag.
Etter avgjerda om å byggja ut austre Mardalsfossen med Noregs høgste fossefall (665 meter – 297 meter loddrett), samla aksjonistane seg til demonstrasjonar midt mellom kommunane Rauma og Nesset i august 1970.
Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix
Partiet for folk flest har årsmøte denne helga. I prinsipielle gløtt kallar Anders Langes Eftf. seg gjerne liberalistar. Til dagleg er dei eit statsautoritært parti som vil overgå Senterpartiet i nasjonalisme og by over KrF i gudeleg Israel-støtte, stå til høgre for Høgre i skatt og til venstre for Arbeidarpartiet i velferd. Kong Carl, som nå skal bli heiltidsinnvandrar i Spania, erklærte at partiet hans skulle overta der Einar Gerhardsen slapp, og bli det nye «småkårsfolkets parti». Men dei gir mest skattelette til dei rikaste, for dei er gode på dobbelkommunikasjon og folkeforførande høgrepopulisme.
Måndag denne veka baud venstresidas tankesmie Manifest inn til «venstrepopulistisk aften» på Kulturhuset i Oslo – i ei multikulturell sidegate til Youngstorget. Aftonbladets kulturredaktør Åsa Linderborg presenterte teseboka ho har skrive saman med Göran Greider: Populistiska manifestet – för knegare, arbetslösa, tandlösa och 90 procent av alla andra. Ho blei følgd av overtankesmiar Magnus E. Marsdal, som for elleve år sidan meinte å ha knekt Frp-koden: «Sannheten ligger i overflaten.»
LINDERBORGS utgangspunkt er at høgrepopulismen fossar fram, medan dei sosialdemokratiske partia er kraftlause i eit samfunn der solidariteten går i oppløysing. Den politisk korrekte eliten i middelklassen legg ansvaret på krenkte, rasistiske og kvinnehatande kvite menn som er offer for globaliseringa. Den forakta arbeidarklassen tar revansj ved å slutta opp om høgrepopulistiske parti som peikar ut innvandra syndebukkar og lovar betre kår for verdig trengande innfødde.
Det venstrepopulistiske svaret er å ta folks misnøye på alvor, driva betre samfunnsplanlegging og gjenskapa trua på at politikk nyttar. Politiske konfrontasjonar må flyttast bort frå etnisitet, religion, forhud og identitet. Konflikten må spissast mot den felles fienden: det økonomiske systemet, kapitalismen, finansdominansen og den frie flyten.
SÅDAN ER POPULISMEN. Det kan gå til venstre, men for tida galopperer det mot høgre. Som eit sideblikk kan det vera på sin plass med ei påminning om ulike populistiske rørsler og straumdrag.
Det var sosialantropologen Ottar Brox frå Sosialistisk Folkeparti (SF) som skreiv «populisme» inn i norsk offentlegheit på 1960-talet. I boka Hva skjer i Nord-Norge? brukte han populistisk som motsats til teknokratisk, og lokalsamfunn og hushald som motsats til sektorar. Medkombattanten Hartvig Sætra førte omgrepet vidare som analyse og politisk strategi i Populismen i norsk sosialisme i 1971.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.