Det var nettet (og Jesus) som gav Trump sigerenLiberale teknologisjefar var årsak til taktskiftet som gjorde utslaget for Hillary Clinton.

Liberale teknologisjefar var årsak til taktskiftet som gjorde utslaget for Hillary Clinton.

Døme på Facebook-sider som syner Russlands bruk av sosiale medium før presidentvalet i USA i fjor.
Døme på Facebook-sider som syner Russlands bruk av sosiale medium før presidentvalet i USA i fjor.
Publisert

Tenk deg eit år attende, til den første veka i november 2016. Ver ærleg: Kven trudde du ville vinne presidentvalet i USA? Lesarar av denne spalta hugsar kan hende spådomen min: «Trump leiar med god margin blant mannlege veljarar, kvite veljarar, veljarar over 64 og veljarar utan høgare utdanning», skreiv eg. «Kort sagt, støtta til han liknar mykje på støtta til brexit. Dersom, slik det hende i Storbritannia, desse gruppene syner seg å vere større enn meiningsmålarane ventar, og andre grupper blir mindre, vil meiningsmålingane ikkje slå til. Han kan vinne.»

Eg var i eit lite mindretal blant kommentatorane. På den mykje lesne nettsida Daily Kos, til dømes, låg Clintons sjansar til å vinne presidentvalet på 92 prosent. Ifølgje The Upshot i The New York Times var talet 85 prosent. Betfair sa 83 prosent. Best av alle var Princeton Election Consortium, som skreiv to dagar før valet: «Om (Clintons) vinnarsjansar ligg på 91 prosent eller 99 prosent, er det i grunnen avgjort.»

Kvifor tok dei profesjonelle så feil om valet i fjor? Etter å ha tenkt på dette i eit år, er konklusjonen min at det var fordi dei ikkje hadde lese den skilsetjande boka til Jürgen Habermas, The Structural Transformation of the Public Sphere (1962). Habermas skriv hovudsakleg om det 18. og 19. hundreåret, men innsikta hans er ålment gyldig. Historiske endringar i haldningar, åtferd og politikk har ofte røter i endringar i strukturen til sjølve den offentlege sfæren.

Å nemne ein tysk filosof i ei britisk sundagsavis bryt med mange viktige reglar om journalistisk framferd. Ber over med meg. I dei fleste vestlege land plar den offentlege sfæren å vere utgjort av nokre få nasjonale aviser, nokre fleire radiostasjonar og svært få fjernsynskanalar. Dei siste ti åra er ikkje det lenger tilfellet.

Hovudendringa er framveksten av gigantiske sosiale medium på nettet, og smarttelefonane som gjer det råd å vere på nettet praktisk tala heile tida. To tredjedelar av alle vaksne amerikanarar – og meir enn to milliardar menneske over heile verda – er no faste brukarar av Facebook, eit selskap som ikkje fanst for 14 år sidan. Om lag 45 prosent av amerikanarane får nyheitene sine frå nyheitstenesta til Facebook.

Verknadene er radikalt annleis enn dei var då radioen og fjernsynet kom, av tre årsaker. Den første årsaka er at innhaldet på Facebook i hovudsak er skapt av brukarane. Mellom mars 2015 og november 2016, for å gje berre eitt døme, publiserte 128 millionar menneske i USA bortimot 9 milliardar Facebook-meldingar, delingar, likingar og kommentarar knytte til valet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement