Politikk
Det vanskelege samtykket
Advokat Mette Yvonne Larsen fryktar at ein samtykkelov vil gå ut over rettstryggleiken til den fornærma og gjere det vanskelegare å bevise valdtekt.
Justisminister Astri Aas-Hansen skal leggje fram ein samtykkelov før påske.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Den nye justisministeren, Astri Aas-Hansen (Ap), har denne veka stadfesta at regjeringa før påske kjem til å leggje fram forslag til samtykkelov. Det vil seie eit forslag om endringar av valdtektsreglane i straffeloven som skal tydeleggjere at seksuell omgang utan samtykke er forbode og straffbart.
Advokat Mette Yvonne Larsen arbeider både som bistandsadvokat og forsvarar, og er imot ein slik lov.
– Kvifor er du imot?
– Eg har hatt ei rekkje valdtektssaker, fyrst og fremst som forsvarar, men også som bistandsadvokat, og eg kan ikkje kome på nokon saker som er meir komplekse når det gjeld bevisspørsmålet enn valdtektssaker, fordi det viktigaste beviset ofte er ord mot ord. Det gjeld særleg sovevaldtekter, men også andre valdtekter, og eg har sett mange tilfelle der den fornærma fortvilar over at saka vert lagd vekk fordi retten ikkje har bevis for det ho oppfattar har skjedd. Det vert ikkje lettare å bevise mangel på samtykke. I mange saker er det også snakk om unge personar og bevissituasjonar prega av at partane er ruspåverka, der det kan vere famlande, dette med seksualitet, og i alle fall ikkje mykje verbal kommunikasjon.
– Men vil ikkje det å måtte ha og gje samtykke då gjere bevisspørsmålet lettare?
– Du må snu spørsmålet på hovudet. Heile rettstilstanden vår er bygd på at ein skal leggje vekt på forklaringa til den tiltalte. Det er fyrst når den heilt kan utelukkast, at det ikkje er tilfellet. Den fornærma kan såleis seie at «eg gav ikkje samtykke», og så kan den tiltalte seie «jau, eg høyrde at du gjorde det». Utfordringa vert at det er den fornærma og påtalemakta som må bevise at det ikkje ligg føre samtykke. Og korleis kan ein bevise at noko ikkje har skjedd?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.