Det umoralske ved å nekte for klimaendringarTrump-regjeringa er djupt anti-vitskapleg, det seier seg sjølv.
Trump-regjeringa er djupt anti-vitskapleg, det seier seg sjølv. Sanninga er at ho er mot den objektive røyndomen.
Innbyggjarar i Houston i Texas vassar gjennom flaumvatn i august 2018.
Foto: Jonathan Bachman / Reuters / NTB scanpix
Men kontrollen Trump har over regjeringa, er trass alt framleis avgrensa; han var ikkje i stand til å hindre offentleggjering av den siste nasjonale klimarapporten, som går i detaljar om noverande og framtidige verknader av global oppvarming i USA.
Sant nok vart rapporten sleppt på Black Friday, openbert i eit håp om at han ville forsvinne i oppstyret. Den gode nyheita er at knepet ikkje verka.
Rapporten stadfester, med mange tilleggsdetaljar, det alle som følgjer med på klimaforskinga, alt visste: Klimaendringar er eit viktig trugsmål mot landet, og nokre av dei uheldige verknadene kan alt merkast. Til dømes framhevar rapporten, som vart skriven før den siste brannkatastrofen i California, den aukande risikoen for skogbrannar i sørvest: Global oppvarming, ikkje manglande raking av lauv i skogbotnen, er årsaka til at brannane vert stadig større og farlegare.
Men Trump-regjeringa og deira allierte i Kongressen vil sjølvsagt blåse i denne analysen. Å fornekte klimaendringar, utan omsyn til prov, er blitt eit republikansk kjerneprinsipp. Og det er vel verdt å freiste forstå både korleis det skjedde, og det reine moralske fordervet som ligg i å vere fornektar no.
Stopp ein hal, er ikkje moralsk forderv eit altfor sterkt omgrep? Har ikkje folk lov til å vere usamde i konvensjonell kunnskap, sjølv om den kunnskapen blir støtta av overveldande vitskapleg semje?
Jo, det har dei, så lenge dei set fram argumenta sine i god tru. Men det er nesten ingen som nektar for klimaendringar i god tru. Og det å fornekte vitskap til fordel for profitt, politisk vinst eller egodyrking er ikkje ok. Når det å late vere å handle i samsvar med vitskapen kan få forferdelege konsekvensar, er fornekting, som eg sa, moralsk forderveleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.