Kommentar
Det tyske sinnet
Veljarane til ytre høgre-partiet AfD er sinte. Og framgangen til partiet gjer resten av landet sinte.
Folk protesterer mot høgreekstremisme og for vern av demokratiet framfor dei kommande delstatsvala i Sachsen og Thüringen.
Foto: Annegret Hilse / Reuters / NTB
Når ein lever midt oppi noko, venner ein seg til det. Ein pustar det inn, blir ein del av det. Tanken slo meg ein solfylt sundagsmorgon i sommar. Eg gjekk gatelangs i Berlin saman med den ni år gamle dotter mi. Ho gjekk i flippfloppar og snakka med stort engasjement om dilemmaet ho snart ville stå i: Skulle ho kjøpe kringle med salt eller lyse rundstykke med valmuefrø på toppen på bakeriet?
Gata var brei og folketom, bortsett frå ein eldre kar, som idet han passerte oss, dulta hardt og uvenleg borti jenta mi og sa: «Her i Berlin går vi på høgre side.» Perpleks som eg alltid blir i møte med uventa aggresjon, var han alt fleire meter borti gata før eg kom på eit svar. Og det var då eg tenkte at folk her er så sinte at dei ikkje merkar det eingong.
Fest for ytre høgre
Til helga er det val i Sachsen og Thüringen, to austlege delstatar. Det ligg an til å bli eit audmjukande nederlag for dei tre regjeringspartia, sosialdemokratane i SPD, Dei grøne og det liberalistiske FDP. Alle tre kan ende under sperregrensa, som er på 5 prosent, begge stader. På ytre høgre fløy er stemninga på topp. Partiet Alternativ for Tyskland (AfD) kan få 30 prosent begge stader. Og om fire veker ligg partiet an til å gjere eit nytt brakval i delstaten Brandenburg.
AfD vart grunnlagt som eit eurokritisk parti. I 2015, under den store flyktningkrisa, vart partiet overtatt av ein fraksjon som hadde motstand mot innvandring, særleg frå land utanfor Europa, som si fremste kampsak. Ved Europavalet i juni i år fekk partiet sitt beste resultat nokon gong, med 15,9 prosent av stemmene i Tyskland.
Heilt sidan starten har AfD hatt si høgborg aust i Tyskland. Ved Europavalet vart partiet størst i alle austtyske delstatar, bortsett frå Berlin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.