Det største norske sviket
–?Den norske likesæla reidde grunnen for brotsverket mot jødane i Noreg, seier Marte Michelet.
Ho har skrive boka Den største forbrytelsen med undertittel «Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust».
–?Det er skrive viktige bøker om einskildlagnader, men det har mangla ei heilskapleg framstilling, seier Michelet, som byrjar boka med jødeinnvandringa til Noreg rundt det førre hundreårsskiftet. Då kom det unge jødiske ekteparet Benzel og Sara Braude til Kristiania. Dei slår seg ned på Grünerløkka i Oslo og får fire barn, og vi følgjer lagnaden til familien gjennom heile boka. Fire av dei vart deporterte og drepne.
–?I denne forteljinga følgjer eg både offer og gjerningsmenn, fordi litteratur om holocaust ofte er anten eller. Og eg ville fortelje om vanlege menneske og følgje dei gjennom stadia som til slutt skulle bli lagnaden: flukt, internering i Noreg og deportasjon. Familien Braude var austjødar, mannen Benzel var omførselshandlar, eller det vi kallar ein kramkar. Kona Sara var syerske, og dei kom frå Litauen, som mange norske jødar kom frå. Som minoritet var norske jødar sedde på som uintegrerbare i samfunnet, skitne, fulle av lus, «jødebolsjevikar» og ein fare for tryggleiken i riket.
Aldri gløyme?
–?Det var mykje eg ikkje visste, men som eg burde vite. Som at Noreg sleppte inn berre fem hundre flyktningar frå Nazi-Tyskland. Eg burde ha visst om ein ekspedisjonssjef i Justisdepartementet som i 1939 særleg åtvara mot jødiske flyktningebarn med at «chansen for å brenne inne med barna er overveldende stor», då dei «efterhvert vil knytte slike forbindelser i Norge at vi ikke vil bli kvitt dem», og at Fremmedpolitiet i Oslo var «redd det blir en jødekoloni her». Det blir sagt at vi må aldri gløyme, men korleis gløyme noko vi ikkje har visst om?
–?Dei to gjeringsmennene du følgjer i boka, er den tyske Gestapo-offiseren Wilhelm Wagner og den norske statspolitimannen Stian Bech jr. Kvifor?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.