Det store spelet

Sosialdemokratane vann delstatsvalet i Brandenburg. Men det gir ingen grunn til jubel for kanslar Olaf Scholz.

Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz og økonomi- og klimaminister Robert Habeck deltek på statsrådsmøtet i kanselliet i Berlin denne veka.
Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz og økonomi- og klimaminister Robert Habeck deltek på statsrådsmøtet i kanselliet i Berlin denne veka.
Publisert

«Om eg nokon gong skulle bli kanslar, blir ikkje Christian Lindner finansminister», sa den tyske visekanslaren Robert Habeck til pressa nyleg.

Og kven er så denne Lindner? Han er finansminister og ein av Habecks næraste kollegaer i ei koalisjonsregjering som heller enn å spele kvarandre gode spelar kvarandre ut.

Habeck representerer partiet Dei grøne. Lindner er partileiar for FDP, som er liberalt og liberalistisk.

Dei siste året har mykje handla om gjeldsbremsa, ei ordning som regulerer opptak av ny statsgjeld. Bakteppet er ei grøn omstilling og ein tysk økonomi som er i ulage. Visekanslar Habeck ønskjer fleksibilitet og kallar dagens praksis «lite intelligent». Finansministeren på si side seier at gjeldsbremsa aldri har vore viktigare enn no.

Eit nordtysk problem

Europavalet i sommar og delstatsvala i Sachsen og Thüringen tidlegare denne månaden var ein katastrofe for regjeringspartia. Denne veka jublar sosialdemokratane over at partiet vart størst i delstatsvalet i Brandenburg. Brandenburg strekker seg frå grenselandet mot Polen og vestover. Hovudstaden Berlin ligg som ei øy midt i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement