Det store feilgrepetKanslaren har gjort mange feil; den største, om migrasjon, kan bli banen hennar.
Kanslaren har gjort mange feil; den største, om migrasjon, kan bli banen hennar.
Konvensjonell visdom seier at Mutti karar seg gjennom også denne krisa i tysk politikk.
Foto: Hannibal Hanschke/Reuters/NYB scanpix
Min tyskfødde ven Peter Thiel – verdas beste til å vere kontrari – har eit favorittspørsmål når han lagar intervju. «Kva viktig sanning», plar han spørje teknologiske wannabes, «er svært få menneske einige med deg i?» Thiel har tent milliardar av dollar på slike kontrariposisjonar, for ikkje å snakke om kor mange fiendar han har skaffa seg. I 2004 (då han investerte) trudde dei fleste at Facebook berre var ei grille blant ferske Harvard-studentar, men sanninga var at det kom til å bli eit av verdas største selskap i løpet av eit tiår. Dei fleste trudde i 2016 (då han støtta han) at Donald Trump hadde lita von om å bli president, men sanninga var at han var på veg til Det kvite huset. Eit tips: Vedd aldri mot Peter!
Den viktige sanninga som svært få er einige med meg i, er at Angela Merkel har vore ein politisk katastrofe. Den tyske kanslaren har lenge vore yndlingen til proeuropeiske medium. I november 2015 vart ho kalla «den uunnverlege europearen» av The Economist. Ein månad seinare var ho «person of the year» for Financial Times. Time Magazine proklamerte at ho var «den frie verdas kanslar». Eg kunne halde fram.
Dette var grove feilbedømmingar. For bifallsytringane hagla over ei kvinne som berre nokre månader tidlegare hadde gjort det største mistaket i tysk etterkrigshistorie.
På tysk fjernsyn i juli 2015 fekk Merkel ei ung palestinsk flyktningjente til å gråte sine salte tårer då ho sa til henne at familien hennar måtte innsjå at dei kunne bli sende ut av landet. «Det er mangfaldige tusen menneske i palestinske flyktningleirar», forklarte kanslaren. «Dersom vi no seier ’de kan kome alle’ (...), så maktar vi det ikkje, rett og slett.» Gråtekoret verka. Seks veker seinare opna Merkel portane til Tyskland og erklærte: «Vi kan makte det.»
Alle slags historiske forklaringar på Merkels epokegjerande snunad er lagde fram, inkludert oppveksten i Aust-Tyskland og prestepappaen hennar. Kven veit? Stilt overfor tårene til Reem Sahwil var kanslarens reaksjon ein impulsiv freistnad på å trøyste henne, følgt av ein massiv, unilateral U-sving, som ho seinare laut reversere. Her hadde vi ein av raritetane som finst i politikken: ein 360 gradars piruett.
Ofte er det slik i historia at det ikkje er motiva som tel, men konsekvensane. Sidan byrjinga på 2015 har Tyskland motteke 1,38 millionar søknader om asyl, om lag ein tredjedel av dei frå Syria. Tre fjerdedelar av asylsøkarane er 30 år eller yngre, 60 prosent er menn. Om lag halvparten av søknadene er innvilga, men berre rundt 80.000 av dei som er nekta asyl, er deporterte. Om lag 86 prosent av dei godtekne flyktningane er muslimar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.