Det store falletNei, dette er ikkje : I fjor utgjorde petroleumsskatten berre fire prosent av dei samla norske skatteinntektene.
Nei, dette er ikkje fake news: I fjor utgjorde petroleumsskatten berre fire prosent av dei samla norske skatteinntektene.
Petroleumsskatten utgjorde i fjor berre fire prosent av dei samla norske skatteinntektene. I 2008 kom nesten ein fjerdedel av skattekronene frå petroleumsskatten. Graf frå Finansdepartementet
Noreg er eit oljeland, og vi er vande til å tru at det er skatteinntektene frå olje- og gassutvinning som sikrar velferda vår og held norsk økonomi oppe. «Det er lønnsomheten i oljebransjen som gjør norsk økonomi spesiell, og som gjør det mulig opprettholde vårt ekstraordinære velferdsnivå», sa til dømes Karl Eirik Schjøtt-Pedersen i NHO-foreininga Norsk olje og gass til Klassekampen i fjor.
Inntil nyleg har denne soga i grove trekk vore sann. Men minkande oljeproduksjon på norsk sokkel og særleg fallet i oljeprisen sidan hausten 2014 har endra biletet dramatisk.
Rett ned
I toppåret 2008 utgjorde skattar og avgifter på petroleumsutvinning på norsk sokkel heile 253 milliardar kroner, nesten ein fjerdedel av dei samla skatteinntektene. Men dei siste åra har skatteinngangen frå olje- og gassutvinninga på norsk sokkel falle forbløffande bratt.
I 2016 var dei samla skattane og avgiftene på petroleumsverksemd i Noreg 47 milliardar kroner, syner tal som Dag og Tid fekk frå Finansdepartementet denne veka. Det utgjer berre fire prosent av dei totale norske skatteinntektene, og er berre litt meir enn det staten kravde inn gjennom bil- og bensinavgifter i fjor. Den eigentlege petroleumsskatten utgjorde berre 40,5 milliardar i fjor, under ein sjettedel av det han var i 2008, medan 6,5 milliardar kroner i fjor kom frå andre typar avgifter på petroleumsverksemda. Oljeavvenninga til den norske staten har kome langt raskare enn dei fleste hadde sett for seg.
I tillegg til skattane får staten òg petroleumsinntekter gjennom utbyte frå Statoil og frå det som blir kalla Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE), som er statens eigne eigardelar i felt på norsk sokkel. I fjor fekk staten inn 56 milliardar kroner i inntekter frå SDØE og 11 milliardar i utbyte frå Statoil. Men også desse inntektene har falle bratt dei siste åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.