Det stilnar i skogen

Å eige skog var som å ha pengar i banken. No ligg mykje av den norske skog-formuen an til å rotne på rot.

Publisert Sist oppdatert

Krisa i den norske papirindustrien blir stadig djupare. Union i Skien, Follum ved Hønefoss og Peterson i Moss er alle nedlagde. Det er enno uklart om ein ny investor kan berge cellulosefabrikken på Tofte no når eigaren, svenske Södra Cell, har gjeve opp. Fell Tofte òg, forsvinn avtakaren av nær to millionar kubikkmeter tømmer og flis i året. Det er nær ein fjerdedel av den totale avverkinga til skog-industrien i Noreg. Utan Tofte blir det stilt i enda fleire norske skogar enn i dag.

Den totale avverkinga til sagbruk og industri i Noreg ligg no kring åtte millionar kubikkmeter i året. I tillegg går to–tre millionar kubikkmeter til ved. Den årlege tilveksten er på si side kring 25 millionar kubikkmeter årleg. Altså svulmar skogen med kring 15 millionar kubikkmeter kvart år.

At volumet i skogen aukar, treng ikkje vere ein dårleg ting. Men det mest slåande talet som Dag og Tid har fått frå Norsk institutt for skog og landskap, er volumet på den hogstmogne skogen i Noreg: Heile 360 millionar kubikkmeter skog er i hogst-klasse fem, som tyder at han er klar til å fellast. Det svarar til over tretti års avverking med dagens tempo. Så mykje av den norske skogen er gammal at tilveksten faktisk har minka litt dei siste åra (sjå grafen under).

Situasjonen blir verre av at heile 40 prosent av den hogstmogne skogen er gran, eit treslag som taklar alderdomen langt dårlegare enn furua gjer. Enorme mengder skog i Noreg står i overhengande fare for å døy av alderdom og rotne vekk til ingen nytte.

Enkel biologi

–?Den skogen som ikkje blir hogd, vil jo til slutt rotne. Så enkelt er det, seier Arne Rørå. Han er administrerande direktør i Norskog, ein medlemsorganisasjon for 230 store norske skog-eigarar utanfor landbrukssamvirket, eigarar av 15 prosent av den norske skogen –?Det er rett å snakke om krise no. Om Tofte òg fell, er det verkeleg dramatisk, særleg for skogeigarar i Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold. Norsk skognæring står i fare for å bli ein marginal leverandør til andre lands industri.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement