JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det siste vitnet

Harriet Altmann er eit av dei siste attlevande tidsvitna etter holocaust.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Harriet Altmann (framme til venstre) saman med søstera, mora og besteforeldra under den andre verdskrigen. Dei flykta til Sverige for å unngå deportering.

Foto: Jødisk Museum i Oslo

4256
20200131

Bakgrunn

Harriet Altmann

Fødd 13. oktober 1930

Flykta til Sverige under den andre verdskrigen

Faren døydde i konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau

27. januar var den internasjonale holocaustdagen

Holocaust

emmajrodli@gmail.com

Førre måndag var det 75 år sidan fangar i konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau vart frigjorde. Harriet Altmann (fødd Levin) var ti år då krigen starta, og levde i ein jødisk familie, med far, mor og ei søster, i Oslo. Faren vart deportert til Auschwitz-Birkenau.

­– Leilegheita vår vart beslaglagd under krigen. Vi flytta inn hos farmor mi. Der vart pappa arrestert, som ein forbrytar, fordi han var jøde. Han vart først fengsla i Møllergata 19 og seinare send til Grini.

20. november 1942 vart far til Altmann send til konsentrasjonsleiren Auschwitz-Birkenau med skipet Monte Rosa.

– Ein norsk politikonstabel kom på døra og åtvara oss om at pappa var send av garde. Han kjente pappa og hadde vore med å køyre han til skipet. Det redda liva våre at han gav beskjed.

Altmann flykta til Sverige saman med mor og søster si 25. november, nokre dagar etter at faren vart deportert. I ettertid fekk dei høyre at tyskarar hadde vore på døra deira for å arrestere dei berre to timar etter at dei starta flukta. Dagen etter, 26. november, vart 532 jødar deporterte med DS «Donau».

Flukt og tap

Familien flykta saman med to jødiske menn. Dei reiste med bil eit stykke, før dei overnatta i ei tømmerkoie i skogen. Neste morgon skulle ein los ta dei med til ein gard. Derfrå skulle bonden på garden føre dei vidare. På turen fekk éin i følgjet eit hjarteinfarkt. Nok ein gong var det slump som redda familien.

– Vi vart forseinka fordi han vi reiste saman med, vart sjuk. Då vi kom til garden, fortalde bonden at tyskarar hadde vore der og ransaka alle husa, akkurat då vi skulle komme.

– Alt som hende under krigen har vore ei psykisk påkjenning. Sånt ber du med deg resten av livet. At vi overlevde, var heilt tilfeldig.

Familien var i Sverige til krigen var over. Då kom dei tilbake til Noreg. Faren vart drepen i konsentrasjonsleiren.

– Vi ville flytte heim. Eg er fødd i Noreg, og det var begge foreldra mine også. Men det var vanskelege tider. Mor var berre 36 år då ho vart enke, og ho måtte forsørgje to ungar. Vi fekk tilbake leilegheita, men ho var ramponert og ribba.

– Snakka de med dei rundt dykk om alt som hadde skjedd?

– Ja, det vart sjølvsagt snakka om. Venner slo ring kring oss. Men veldig mange var borte. Eg mista mesteparten av familien min. Pappa hadde ei søster i Ålesund, som hadde mann og to barn. Alle fire vart arresterte. Det vart gjort eit forsøk på å redde fetteren min. Han vart lagd inn på sjukehus for å operere ein blindtarm som ikkje var betent. Men tyskarar kom og bar han ut på båre.

Skulebesøk

I dag er Altmann 90 år gammal. Forfattar Birgit Rimstad har skrive ned historia om Altmanns barndom under krigen. Saman har dei besøkt skular for å fortelje historia.

– Det gjer vi i håp om å opplyse folk. Vi må føre historia vidare, slik at ho ikkje gjentar seg, sjølv om det kan sjå ut til at ho gjer det no. Eg trur det er lettare å fange merksemda til ungdommane med ei historie enn med ei bok. Når vi er i klasserommet, kan Birgit vise at eg er den 12 år gamle jenta ho fortel om.

– Merkar du at ungdommane lyttar?

– Historia går nok nokre av ungdommane hus forbi, men ein god del reagerer og stiller spørsmål. Då går det heim, trur eg. Så får vi håpe at dei formidlar vidare det dei får høyre til venner.

– Korleis er det å vere jøde i Noreg i dag?

– Det er greitt. Eg trur det er betre her enn mange andre stader. Eg høyrer nokre gonger antisemittiske slengord. Og enkelte ungdommar brukar jøde som slengord. Enkelte brukar det antisemittisk, men andre seier det berre fordi dei har høyrt det, eller av dumskap.

– Korleis påverkar konflikten mellom Palestina og Israel jødane i Noreg i dag?

­– Ein skal skilje mellom jødar og Israels politikk. Det er lett å blande saman. Men jødedomen er ein kultur og ein religion. Politikken til Israel kan ikkje eg gjere noko med. 

Kjelder: Jødisk museum i Oslo, Birgit Rimstad: Unge tidsvitner

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– At vi overlevde, var heilt
tilfeldig.

Harriet Altmann

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis