JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det siste slaget

Høgreekstremistane vert eldre og færre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I 1990-åra rekrutterte høgreekstreme grupper som BootBoys og Vigrid norsk ungdom. Her frå ein skuledebatt i Drammen i 2009.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

2827
20181026
2827
20181026

Eg står i kaffikø i kantina på Høgskulen i Volda i 2016, har nett sett ei nyheitssending om Odins soldatar, den innvandringskritiske radikale gruppa med historisk ukorrekte vikingar på hettegenseren, og er irritert. Utan å tenkje over det står eg og vrir på smykket eg har rundt halsen så det lagar lyd. Kvinna bak meg i kaffikøen snur seg. Auga hennar stoppar nokre centimeter nedanfor kragebeina mine.

– Er du sånn... Likar du Soldiers of Odin, spør ho.

Smykket eg står og vrir på, er ein liten torshammar.

– Nei, det gjer eg ikkje, seier eg og fortel henne at smykket er kjøpt på gatemarknad i Ålesund for vel ti år sidan.

Ho letnar. Smiler. Seier «fint smykke» og går. Eg lurer i mitt stille sinn på om ho verkeleg trudde eg var høgreradikalisert. Skal det så lite til, tenkjer eg.

Denne veka melde NRK at høgreekstreme grupper i Noreg har endra åtferd, og at dei vert færre. I Noreg er det ikkje ungdommen som vert radikalisert til ytre høgre lenger. Dersom nokon rakar av seg håret, er sjansen større for at det er Ronny Brede Aase som vert tvangsbarbert til inntekt for TV-aksjonen, enn at det er ein i skinheadmiljøet. Dei høgreekstreme er stort sett vaksne menn som sit bak skjermar og diskuterer konspirasjonsteoriar om Eurabia – islamistisk overtaking i Europa. I ein kronikk på forskning.no etterlyser professor Tore Bjørgo førebyggjande innsats mot islamofobi. For den høgreekstreme valden som oppstår, vert i større grad retta mot muslimar.

Men det er berre nokre månader sidan PST melde at aktiviteten aukar i høgreekstreme miljø i Noreg. Dei vert synlegare og meir organiserte, sjølv om dei er få. Og då filmskapar Deeyah Khan vann ein Emmy for dokumentaren White Right: Meeting the Enemy tidlegare denne månaden, sa ho til den same avisa at ekstremisme har vorte «mainstream». Etter demonstrasjonane i Charlottesville i fjor uttrykte FN uro over auken i rasistisk motiverte protestar og demonstrasjonar. Men ifølgje Bjørgo følgjer høgreekstreme miljø i Europa elles den same tendensen som Noreg.

Kva kan det då ha seg at tala seier at høgreekstremismen er på veg ned, medan media ofte skriv at han er på veg opp?

Eg kjenner eg vert håpefull. For dersom den utdøydde ungdomsradikaliseringa er eit teikn på at høgreradikaliseringa held på å døy ut, er kanskje den auka aktiviteten berre ei siste krampetrekking?

Eg hadde lyst til å fnyse då kvinna i køen trudde smykket mitt var eit teikn på at eg kunne vere ein radikalisert ungdom. Desse historisk forvirra hettegensernissane skulle ikkje få stele torshammaren min, tenkte eg. I dag er det ikkje norske tenåringsskinheads som vert trekte mot ytre høgre, men vaksne menneske som fryktar Eurabia.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ekstremisme har vorte «mainstream».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis