Det raknar på midten
Sosialdemokratane driv ikkje for mykje med identitetspolitikk, men for lite, meiner forfattar Halvor Finess Tretvoll.
Andrea Nahles, leiar for dei tyske sosialdemokratane, var ikkje glad da ho fekk sjå tala frå valdagsmålinga til europaparlamentsvalet på søndag. Nok ein gong gjorde europeiske sosialdemokratar eit dårleg val.
Foto: Fabrizio Bensch / Reuters
Trenden heldt fram i valet til Europaparlamentet denne veka: Dei sosialdemokratiske partia i Europa går attende. Og no taper også dei store konservative partia terreng. Halvor Finess Tretvoll er redaktør og forfattar, og gav nyleg ut boka Sosialdemokrati i en skjebnetid.
– Du har reist rundt i Europa for å forstå kvifor sosialdemokratane har gått attende. Kva er hovudforklaringa di?
– Dei sosialdemokratiske partia har mista kontakten med dei veljargruppene som bar dei til valsigrar. Ein del av grepa desse partia gjorde i 1990-åra, svekte forholdet til mange av kjerneveljarane. Og desse veljarane har søkt seg til andre parti, somme til høgrepopulistar, somme til andre politiske rørsler.
– Du trur ikkje på forklaringa om at sosialdemokratane har drive med for mykje identitetspolitikk. Du meiner det heller er motsett, og skildrar det gamle sosialdemokratiet som vellukka identitetspolitikk?
– Det er lett å tenkje at det var ein enkel jobb å knyte til seg veljarar frå arbeidarklassen i gamle dagar, medan det er vanskeleg no. Men dette har aldri vore lett, og det kravde ein stor innsats frå arbeidarrørsla i si tid. Sosialdemokratane lukkast med å gjere identiteten som arbeidstakar avgjerande for den politiske meiningsdanninga. Og det klarte dei i fleire omgangar etter kvart som samfunna endra seg. Men no ser dei ut til å ha gløymt desse gamle kunstane.
–?Innvandring har ikkje vore eit godt saksfelt for sosialdemokratiske parti. Dei har vegra seg for å spele på nasjonale identitetar i desse spørsmåla, og innvandring og flyktningkrisa uroa mange av kjerneveljarane deira?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.